Oskar Solenes forsvarte si avhandling "Framtidas håp Barneidrettsdiskursar i
Noreg 1920 – 1976" til graden PhD ved Norges idrettshøgskole i 2009.
Avhandlinga er ei historisk analyse av korleis organisert idrettsaktivitet retta mot
barn og unge har vore opplevd og forstått i den aktuelle perioden. Oskar er
førsteamanuensis i Sport Management og har vore tilsett ved Høgskulen i Molde
sidan 2008. Han har vore studieleiar for Sport Management, og har erfaring med
å utvikle nye studieprogram. Frå 1.august 2014 og fram til 31.juli 2018 er han
tilsett som dekan ved Avdeling for økonomi og samfunnsvitskap.
Oskar si forskingsinteresse er særleg retta inn mot idrettshistoriske spørsmål, og
særleg mot organiseringa av barne- og ungdomsidrett. Han har også forska på
frivillig arbeid i idrettsrørsla, så vel som sosiale, kulturelle og økonomisk verdiar
av ein fotballklubb i lokalsamfunnet.
Oskar underviser både på bachelor og master i idrettshistorie og idretten si
organisering og leiing. Han vegleiar også masterstudentar på både MSc Sport
Management og MSc Event Management. I perioden han er tilsett som dekan
underviser han ikkje.