Hopp til hovedinnhold Hopp til søkeboks Hopp over båndkommandoer Logg på

Om HiM​​o​l​de​ / Aktuelt / For ansa​tte / For studentene / Biblioteket / Kontakt oss ​ ​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​

AAANormalvisningKontrastvisning Nettstedkart
Norske sider
Engelske sider

Backsourcing – korleis robotar reddar arbeidsplassar

Publisert: 15.11.2016 12:41:53

​Lat oss starta med å slå fast følgjande: Robotar reddar norske arbeidsplassar når bedrifter får henta heimatt tidligare utsett produksjon frå lågkostland.

​Av OLAV HAUGE, BELLA B. NUJEN og LISE LILLEBRYGFJELD HALSE, HiMolde

Det betyr ikkje at norske bedrifter hentar heim like mange arbeidsplasser som tidligare fanst i den norska marknaden, men at bedrifter på denne måten har større sjanse for å overleva om arbeidskrafta utviklar seg i takt med teknologien elles i samfunnet.

Auka robotisering inneber ikkje berre ei endring i bedrifta, det kan også innebere at ein vil få ringverknader på tvers av næringa, noko som kan resultera i at dei innanlandske, og kanskje spesielt de lokale leverandørane, også kjem til å utvikla seg i eit raskare tempo enn tidligare. Ikkje minst blir det mogeleg med meir avansert teknologi innanfor industrien. Når teknologikunnskap blir kombinert med eksisterande kunnskap i bedrifta, endrar dette kunnskapsbasen i bedriftene, noko som er ein viktig føresetnad for at norsk industri skal kunna utviklast og for å kunna vera verdsleiande på sine respektive «spesialfelt». I sin tur er det svært viktig at norsk industri framleis har slike spesialfelt, skal han overleva også i tida som kjem.

I dag har stendig fleire bedrifter byrja å sjå på konsekvensane ved å flagga ut produksjon til lågkostland. Eit problem kan vera auka kostander ved å koordinera verdikjeda og at produksjonsmiljøa ute ikkje har naudsynt kompetanse for å møta krava som krevjande kundar har. Ein har difor valt å sjå på kva som er mogeleg å backsourca. Det vil seia at ein reverserer ein tidlegare outsourcing-strategi ved å relokalisera heile eller delar av produksjon i eigen regi. Auka automasjon og robotisering har då vist seg å vera ein av føresetnadene for å produsera i høgkostland som Noreg. Andre grunnar til at bedrifter vel ein reversert sourcingstrategi, er til dømes at ein ønskjer kortare verdikjeder for å klara raskare leveringstider, å oppnå ein auka fleksibilitet om det skjer endringar seint i produksjon, eller rett og slett at bedrifta vil få bedre kontroll over verdiskapinga.

Presis levering til avtalt kontraktssum blei for eksempel lagt vekt på når plattforma til Edvard Grieg-feltet blei levert no i haust. Å ha velfungerande rutinar for å få på plass modular i den ferdige konstruksjonen, trur vi også talar for backsourcing. I tillegg til dei nemnde grunnane til å velja backsourcing, har vi også sett at i lågkostland som Kina og India har kostnadene for billig arbeidskraft auka markant, noko som har skapt grobotn for meir backsourcing.

Eit viktig vurderingskriterium når bedrifta designar verdikjeder, er å sikra konkurranseevna og ta vare på kjernekompetansen. Ved å henta heimatt ulike delar av produksjonsprosessen i eigen regi, får dei kontroll over og kan enklare styra verdiskapinga. Det kan difor vera avgjerande for bedrifta å ha styring med viktige delar av produksjonen og den interne kunnskapsbasen om ho vil bruka robotar for å få ned kostnadene. Den tause kunnskapen som finst i arbeidsstokken og bedrifta er difor viktig å ta vare på, ikkje minst når bedrifta skal utvikla teknikkar og produksjonsteknologi for å overleva. I eit lengre perspektiv kan ein også argumentera med at produksjonskompetanse er naudsynt for å kunna utvikla nye og innovative produkt til marknader som krev stendig meir spesialiserte produkt. Ved å innsjå dette, har store industrinasjonar som Tyskland, Storbritannia og USA utvikla nasjonale program for å styrka eigen industriproduksjon.

Å velja ein reversert sourcingstrategi som backsourcing er relativt nytt innanfor industrien i vår region. Det å automatisera funksjonar for å styra produksjon med datamaskiner, er likevel ikkje noko nytt fenomen. Dette har vi hatt sidan 1960-åra i Noreg. Likevel er det viktig å peika på at det er fleire bedrifter i vårt nærområde som har vore pådrivarar for å implementera denne type produksjonsprosessar. Innan både propell, vinsj og skipskonstruksjon i Møre og Romsdal finst det ei rekkje døme.

Når det er sagt, er det ikkje nok utelukkande å investera i robotar. Lokalt må fleire bedrifter satsa på å utvikla breiare kompetanse der ein utnyttar den tause kunnskapen som finst her og for å få fram ny teknologikunnskap. Det kan sikra at ein tek vare på konkurransedyktige norske arbeidsplasser. Nasjonalt må vi få med utdanningssektoren for å få til den breiddekompetansen framtidige arbeidstakarar treng for å kunna konkurrera om slike oppdrag. At bedriftene tek eit initiativ til eit løft åleine, held ikkje på lengre sikt.

Vi må sørgja for at det ikkje oppstår kunnskapsgap når landet skal gjennom eit generasjonsskifte. Då må det skapast fleire arbeidsplassar. Vi må heller ikkje gløyma at mange lågkostland nettopp no investerer tungt i robotteknologi.

(Kronikken har tidligere blitt publisert i Romsdals Budstikke i forbindelse med Forskningsdagene 2016.)

Sist oppdatert: 15.11.2016 12:45:36
Dele innhold