|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Garden som ressursÅ bruke garden som ein ressurs til grupper med ulike hjelpebehov, opplæringsarena eller som ein alternativ dag, har eksistert i over 10 år og utvikla seg i ulike retningar. Saman med denne utviklinga har også behovet for studietilbod, knytt til ulike tema, utvikla seg.
Kurset “Garden som ressurs” er vidareutvikla på grunnlag av eit Leonardo Da Vinci prosjekt: ”Training for small farm diversification in Europe” med utarbeiding av læreplan ”Caring Work on farms” og 4 kurs i “Grøn omsorg/Inn på tunet”. Sistnemde kurs var eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Møre og Romsdal, landbruksavdelinga og Høgskolen i Molde, og det første kurset av denne typen i Noreg.
Målgruppe
Målgruppa for kurset er gardbrukarear og personar frå offenteleg sektor som ynskjer å bruke garden som ressurs (utdanningsektoren, helse- og sosialsektoren, NAV m.fl.)
Mål for studiet
Etter gjennomført første og andre samling skal studenten:
• ha kunnskap om Inn på tunet som ide, korleis garden kan formidle kultur og historie og arena for aktivitetar som gir meining • ha kunnskapar om rammefaktorar knytt til det å bruke garden som ressurs • ha reflektert over sterke og svake sider knytt opp mot eige prosjekt • kunne anvende tema frå undervisninga i planlegging av eige prosjekt • ha aktuell kunnskap om økonomi, skatt og forsikring • kunne presentere eige prosjekt Fagleg innhald
Grunnmodulen fokuserer på tenking knytt til ideen om garden som ressurs. Tema og omgrep som er viktig når ein skal forholde seg til menneske som treng opplæring/støtte/ hjelp skal sjåast på, saman med rammefaktorar som må vere til stades for at ein kan bruke garden som læringsarena eller ein trygg og god stad å vere. Det skal gjerast ei analyse av gardens/prosjektets sterke og svake sider. Økonomi, avgiftaer og forsikringar vil og verte tema
Opptakskrav
Det er krav om generell studiekompetanse eller realkompetanse for å få vitnemål. For den som ikkje har dette, vert det gitt kursbevis. Eit studiebesøk på ein “Inn på tunet” gard må vere gjennomført før første samling.
Organisering av studiet
Studiet gjennomføres på dagtid og fordelt på to samlingar på to dagar kvar i vårsemesteret 2012.
Første samling, Høgskolen i Molde, 8 og 9. mars.2012
Andre samling, Høgskolen i Molde, 26. og 27. april 2012 Søkarinformasjon
Søknadsfristen for dette studiet er 10. februar 2012.
Studieavgift
Studiet vil være eit betalstudie. Studieavgifta er kr. 2000,-, pluss lovpålagt semesteravgift på kr. 620,-.
Kontaktpersonar
Fagleg ansvarleg: Else Jørgensen, else.jorgensen@himolde.no
Adm. koordinator: Øystein Nerland, oystein.nerland@himolde.no |