Tilbake til hovedsiden
Rediger denne siden
|  Sideoversikt  |  RSS  |  Facebook  |  Twitter  |  English  |

Nyheter og oppslagstavle ved Høgskolen i Molde

Publisert av Kristoffer Singstad
Utskriftsvennlig side
Hovedside / Nyheter og oppslagstavle ved Høgskolen i Molde
« Tilbake
Ungdom vil ha Møreuniversitetet
Publisert tirsdag 9. februar 2010 av Jens Petter Straumsheim
Ungdomspanelet i Møre og Romsdal ønskjer Møreuniversitetet snarast råd. I ein uttale seier panelet at ei slik etablering vil ha mykje å seie for alle som bur og arbeider i fylket. No vil ungdomspanelet ha endå meir engasjement kring saka.

Pressemelding frå Møre og Romsdal fylke
Dato: måndag 8. februar 2010
 
Eit universitet i Møre og Romsdal vil bety mykje for heile fylket, ved at ein får høve til å ta høgare utdanning i det same fylket som ein bur og skal jobbe i, understrekar ungdomspanelet i uttalen. 

Panelet viser også til at eit universitet i fylket er ein viktig faktor når det gjeld å auke tilflytting til fylket og hindre fråflytting. 
 
Fylkestinget
Saka om eit universitet i Møre og Romsdal var oppe under sist fylkesting, som eit spørsmål til
fylkesordføraren, og ungdomspanelet gir si fulle støtte til både det formulerte spørsmålet såvel  som til svaret frå fylkesordføraren. 
 
MøreAlliansen 2010
Panelet viser i sin uttale også til eit vedtak i nærings- og miljøutvalet, der utvalet løyver Høgskolen i Molde, Høgskolen i Volda og Høgskolen i Ålesund til saman inntil kr 2 200 000,- til prosjekt  MøreAlliansen 2010.
MøreAlliansen 2010 er eit samarbeidsprosjekt mellom dei tre høgskulane, der ein vil utgreie utfordringar, behov og moglegheiter når det gjeld. nærare samarbeid og muleg framtidig  samanslåing til eitt universitet. 
 
Les heile uttalen frå Ungdomspanelet på:
http://ungweb.no/UNGweb/Du-bestemmer/Ungdomspanelet/Moereuniversitet-uttale-fraa-Ungdomspanelet

« Tilbake
« september 2010 »
  m t o t f l s
35     1 2 3 4 5
36 6 7 8 9 10 11 12
37 13 14 15 16 17 18 19
38 20 21 22 23 24 25 26
39 27 28 29 30      
Oppslagstavle
20
sep
Gjesteforelesning med professor Karin Dahlberg