Studiebarometeret - Mykje positivt for HiMolde

NOKUT legg i dag fram resultata frå årets Studiebarometer, og for HiMolde er det mykje å glede seg over.  Framgang på fleire studieretningar og høg svarprosent (60%, mot landsgjennomsnitt på 49%) gjer at det er grunn til å feire.

Studentane ved HiMolde er blant dei mest nøgde. Grafikk NOKUT/HiMolde

Svært mange av studieprogramma ved HiMolde opplever god framgang på årets studiebarometer. 

Ved Avdeling ØS gleder dekan Kari Bachmann seg over gode tal.  

Dekan Kari Bachmann
Dekan Kari Bachmann ved Avdeling ØS

- Dette tek vi som eit teikn på at det omfattande arbeidet som er lagt ned ved avdelinga har gitt positive resultat.  Etter at fleire studieprogram fekk lav score for eit par år sidan, har avdelinga gjort ei rekkje tiltak.  Emner har fått nytt fagleg innhald, rekkefølgen av emner er blitt endra og nye valgfrie emner er blitt lagt til seier ho.

- Det har óg vore viktig å ta på alvor studentane sine tilbakemeldingar når det gjeld yrkesrelevans og arbeidslivstilknytning. Dette har mellom anne resultert i auka bruk av gjesteforelesarar, utplasseringsordning og moglegheite for å skrive bachelor- og masteroppgåver for eksterne oppdragsgivarar, seier Bachmann.  Til slutt nemner ho også dialogen ein har hatt med studentane, gjennom kullmøter og kvalitetsteam, som viktige med hensyn til å betre både studiemiljøet og det sosiale miljøet.

 

Gode tal også for HiMolde samla sett.

På den sokalla "Alt i alt"- scoren  vert  studentane spurde om kor nøgde dei er med det studiet dei går på. Studentane ved HiMolde er alt i alt meir nøgde med studiet sitt i år enn i fjor og dei er meir nøgde enn landsgjennomsnittet.  Skalaen går frå 1 til 5 og studentane ved HiMolde gir ein samla score på 4,3. For alle tre avdelingane er samla score over landsgjennomsnittet på 4,1:

  • 4,2. for Avdeling ØS
  • 4,3 for Avdeling HS 
  • 4.4. for Avdeling LOG

HiMolde går kraftig opp på Studiebarometeret (Panorama)

Det vil bli ein fyldig presentasjon av heile rapporten om nokre veker.  Vi kjem attende med tid og stad.

Sjå samlerapport for HiMolde her

Sjå alle resultata frå Studiebarometeret her.

Publisert 29. jan. 2020 14:25 - Sist endret 29. jan. 2020 15:40