Johan Holmgren tek over som dekan ved Avdeling for logistikk
Johan Holmgren tiltrer som dekan frå og med måndag 10. januar. Stillinga er på åremål og varer i 4 år.

Johan Holmgren tiltrer som dekan ved Avdeling for logistikk. Foto: Arild J. Waagbø
Johan Holmgren kjem frå stilling som professor ved same avdeling og er gitt permisjon frå denne stillinga i dekanperioden.
Nettavisa Panorama omtalte dekanstillinga etter styremøtet i desember.
Leiarskiftet ved avdelinga skjer alt frå måndag 10. januar av. Då overtek Johan roret frå Judith Molka-Danielsen. Men sjølv om ho då takkar av som dekan vil ho likevel forsette i høgskulens leiergruppe, i kraft av vervet som viserektor for forsking. I tillegg til stillinga som dekan og vervet som viserektor har ho også fungert som prorektor i ein periode.
- Vi er svært takknemleg for alt arbeidet Judith har lagt ned for HiMolde og ynskjer ho lukke til vidare og ynskjer samstundes Johan velkomen som dekan, seier rektor Steinar Kristoffersen.