Rolf Magnus Orø

IT-senter
English version of this page Stilling
Seniorrådgiver
Kontakt
+4771195799
91328049
Studiested
Molde

Kontor nr A-1.132 - klikk for å sjå på kart

Arbeidsområde

  • Digitalisering av undervisning
  • Korte og lengre datakurs
  • Datahjelp til den som ønsker det
  • Teknisk bistand

Bakgrunn

  • Rolf Magnus Orø er utdanna barnehagelærar og teaterlærarar.
  • Han har mellom anna undervist ved Åsane folkehøgskole i teater, musikk, barne- og ungdomsarbeid, barnepsykologi m.m.
  • Starta opp og jobba i 30 år for Kolon teater. Gruppa reiste i vidaregåande skuler i 30 år og hadde årleg rundt 150 framsyningar. Der hadde han ansvar for å skrive manus, komponere/arrangere musikk og instruere gruppa.
  • Var tilsatt som barnehagekonsulent ved MoBarn i oppstartsperioden.
  • I 1988 starta han opp ei teaterline ved Åsane folkehøgskole
  • Han jobba i kulturavdelinga ved Møre og Romsdal fylkeskommune i 15 år, og er mellom anna gründeren bak Kultursekken i Møre og Romsdal, som etterkvart vart vart Den kulturelle skolesekken på nasjonalt nivå. Orø starta også opp tilhøyrande prosjekt til Kultursekken som Kulturtorget, Kulturlauget og Prøvekluten (som etterkvart vart til produksjonssenteret Seanse, knytt til Høgskolen i Volda).
  • Orø var tilsett som formidlingsleiar ved Teatret Vårt i vel 7 år. Der hadde han ansvar for å lage pedagogisk materiell og ulike arrangement knytta til hovudproduksjonane, han laga eigne programrekker på "Sidescenen" og hadde ulike oppgåver i sjølve teaterproduksjonane (musikant, teknikar, bilde-, video- og lydproduksjon, regiassistent m.m.)
  • I 2012 overtok Orø som leiar av Bjørnsonfestivalen, og var festivalsjef på fire festivalar. Han leia arbeidet med å ekspandere festivalen, mellom anna ved å starte opp programrekker gjennom heile året i samarbeid med Molde bibliotek med fleire og prosjektet Ungt blikk i samarbeidet med Molde vgs. Frå 2011 til 2015 vart publikumstalet tredobla, og antal arrangement auka frå rundt 60-70 til rundt 150.  
  • Frå januar 2016 var han tilsett i den nyoppretta stillinga som studiemiljøkoordinator ved Studentsamskipnaden i Molde.
  • I september 2018 starta han i nyoppretta stilling som seniorrådgjevar for digitalisering av undervisning ved Høgskolen i Molde.
  • Orø har også hatt regi for fleire teater og musikalproduksjonar, som for eksempel Spelemann på taket med Vestnes teaterlag og oppdrag på andre typer arrangement som Hareidsstemnefesten (regi og digital scenografi).
  • I 2006 starta han opp musikk- og teatergruppa Lærlingan, som stadig vekk spelar på større og mindre arrangement.
Emneord: Digitalisering, undervisning, video, powerpoint, podcast, teknisk hjelp
Publisert 3. sep. 2018 16:04 - Sist endret 28. jan. 2019 13:15