Eirawater leverer høgkvalitets kjeldevatn og er ei hjørnesteinsbedrift i idylliske Eresfjorden i Molde kommune. Eit bygdesamfunn omgjeve av mektige fjell og fossefall. Utforsk var på bedriftsbesøk kor vi blant anna fekk lære meir om logistikken kring vatnproduksjon og kvalitetsanalysar av vatn.
Eirawater er offisiell partner av Michelin-guiden, og har vunne fleire prestisjetunge utmerkingar der vass-sommelierar har kåra deira vatn til det beste. Blant prisane er «Best Luxury Mineral Water in Norway – 2026» og «Best Natural Still Water 2025».
Deira største kundar er i Dubai og Saudi-Arabia, der dei leverer til dei mest anerkjende hotella og restaurantene. I Noreg er karbonatisert vatn eit populært val på restaurantar, medan i Dubai er det størst etterspurnad etter vatn utan kolsyre.
- I Dubai er ferskvatn ei mangelvare, og vatn utan kolsyre er difor ekstra ettertrakta forklarer Igor Saldo, kvalitetsleiar i Eirawater. – Ei 0,7 liters flaske kostar kring 150 norske kroner i desse marknadene, legg han til.
I løpet av dei siste åra har Eirawater hatt ei sterk vekst, men dei siste månadene har fleire utfordringar meldt seg som følgje av krigen i Midtausten. Stenginga av Hormuzstredet og høge eksportkostnader, har ført til at dei måtte permittere halvparten av dei tilsette og midlertidig redusert produksjonen.
Ein smak av ekte bygdeliv
Etter bedriftsbesøket tok vi turen til Lasse Kristiansen, som er med i Utforsk og bur på eit lite småbruk i Eresfjorden. Her fekk vi servert nybaka vaflar laga av egg frå eigne høner i eit hus frå 1937, der fossane i nærleiken er den einaste kjelda til «støy». Turen vart avslutta med ein krevjande, men vakker fjelltur opp til Uffsalen som gir flott utsikt ned mot Eresfjorden og Langfjorden mot Rød og Eidsvåg
Bli ein del av Utforsk
Utforsk - eit forskarfellesskap i Romsdal driv jamleg med bedriftsbesøk. Ta gjerne kontakt med oss om du vil at vi kjem på besøk.
Er du forskar og saknar eit fagmiljø i Romsdal, eller vurderer å flytte hit, håper vi du tar kontakt og blir ein del av Utforsk!