Samansett bachelorgrad

Du kan søke om sammensett bachelorgrad for kombinasjonar av utdanning på til saman tre år (180 studiepoeng).

Kva er ein samansett bachelorgrad?


Ein samansett bachelorgrad kan du sette saman sjølv, innanfor nokre gitte rammar. Graden må være på minst 180 studiepoeng og skal innehalde følgande:

  • Ei fagleg fordjuping på minst 90 studiepoeng
  • Ei støttegruppe på minst 30 studiepoeng
  • Fritt valde emne

Emnegruppene 


Avdelingane fastset krava til emnegruppene som kan inngå i en samansatt grad. Den faglege fordjupinga må være ei emnegruppe med til saman minst 90 studiepoeng. I tillegg kan graden innehalde inntil 60 studiepoeng i valfrie emne. Støttegruppa skal være på minst 30 studiepoeng. Du kan ikkje sette saman di eiga emnegruppe, men må halde deg til dei obligatoriske emna som allereie finst i gruppa du vel. 

Sjå liste over emnegrupper ved HiMolde


Eldre emne kan i nokre tilfelle også brukast. Dette vert vurdert i det enkelte tilfelle. 

Krav til tal på studiepoeng avlagt ved Høgskolen i Molde


For å få ein bachelorgrad frå Høgskolen i Molde, må minst 60 studiepoeng i graden vere avlagt her. Utover dette kan du søke om godkjenning av utdanning frå andre institusjonar.
Dersom du allereie har ein bachelorgrad frå Høgskolen i Molde, må den nye graden innehalde minst 90 studiepoeng frå HiMolde som ikkje er brukt i ein tidlegare grad. 

Korleis få tilgang til emne?


Du kan søke opptak som emnestudent. Viss du er emnestudent, kan du ta emne ved høgskolen utan å ha opptak til eit studieprogram. Du får tilgang til ei rekkje emne som kan inngå i emnegruppene eller som valfrie emne i ein fritt samansett bachelorgrad. Slik foregår opptak til enkeltemne.

Eit årsstudium inneheld også emne som kan inngå i ein samansatt grad.

Digitale vitnemål


Du får eit digitalt vitnemål. Du finn det digitale vitnemålet som digitalt signert pdf i dokumentarkivet i Studentweb. Du kan også dele det med andre via Vitnemålsportalen. Du loggar på Studentweb og Vitnemålsportalen med ID-porten.

Gradstittelen blir “sammensatt bachelorgrad”.

Vitnemålstillegg – Diploma Supplement


Når du får vitnemål for ein grad, får du også et vitnemålstillegg på engelsk. Dersom du får digitalt vitnemål, vil du også få digitalt vitnemålstillegg. Vitnemålstillegget følgjer ein europeisk standard og inneheld mellom anna ei forklaring av det norske utdanningssystemet.

Slik søker du om samansatt bachelorgrad

Du kan søke om samansatt bachelorgrad når du har oppnådd 180 studiepoeng, ikkje før.

Send søknad med oversikt over emnegruppene og valemna som skal vere med i graden, saman med vitnemål eller karakterutskrift frå eventuelle eksterne institusjonar til post@himolde.no.

Har du spørsmål om samansatt bachelorgrad?

Ta kontakt på e-post studentweb@himolde.no 

 

Publisert 22. feb. 2024 09:20 - Sist endret 11. apr. 2024 12:59