UVB-lys kan gi ei mangedobling av D-vitaminproduksjon hos laks

To forskarar ved Høgskolen i Molde har saman med oppdrettsfirmaet Salmon Evolution funne ut at ved å plassere UVB-lys over oppdrettskar, aukar D-vitaminproduksjonen i oppdrettslaks fem gonger så mykje som utan bruk av UVB-lys. Denne oppdaginga er godt nytt for både fisken og oss.

Tobias Backström (til høyre) ved Høgskolen i Molde og Vegard Langvatn ved Salmon Evolution kikker på et oppdrettskar med UVB-belysning over seg. (Foto: Øystein Klakegg, Høgskolen i Molde)

Tobias Backström (til høyre) ved Høgskolen i Molde og Vegard Langvatn ved Salmon Evolution kikker på et oppdrettskar med UVB-belysning over seg. (Foto: Øystein Klakegg, Høgskolen i Molde)

Resultatet bryter med tidligere forskning og antagelser om at sollys og UVB lys ikkje betydde noko for D-vitaminproduksjonen hos laks. 

Nyare studiar viser D-vitaminmangel hos unge og gravide, noko som gir grunn til bekymring. For at kroppen skal kunne bygge og vedlikehalde skjelettet, treng den kalsium, og for at kroppen effektivt skal kunne ta opp kalsium, treng den vitamin D. I tillegg er D-vitamin viktig i ei rekke andre funksjonar som immunforsvar og fettmetabolisme. Ei av matvarene som inneheld D-vitamin er feit fisk, som til dømes laks. Dagens nyare produksjonsformer for oppdrettslaks med nedsenka merdar og lukka anlegg for å unngå lakselus, reduserer sollyseksponering og dermed også UVB-eksponeringa.

- Vi ønskte derfor å sjå om eksponering av UVB-lys kunne auke produksjonen av D3 hos laksen, seier førsteamanuensis i sjøressursar og marin produksjon ved Høgskolen i Molde, Tobias Backström.

Forskinga kan ha betydning for framtidas matproduksjon

Vegard Langvatn (til venstre), Øystein Klakegg og Tobias Backström tar D-vitamin-prøver fra fisken. (Foto: Inge Fossen, Salmon Evolution)
Vegard Langvatn (til venstre), Øystein Klakegg og Tobias Backström tar D-vitamin-prøver fra fisken. (Foto: Inge Fossen, Salmon Evolution)

Forskinga var eit samarbeid mellom Inge Fossen og Tomas Holte ved Salmon Evolution og Tobias Backström og Øystein Klakegg ved Høgskolen i Molde. Studiet gjekk føre seg ved at vitamin D3 blei analysert i fiskemuskelen i to separate produksjonsforsøk med atlantisk laks i ferskvannsfasa. Kvar studie bestod av to grupper utsett for UVB-lys og to kontrollgrupper. Det blei tatt prøver av fisken ved starten av forsøket, og etter om lag 30 og 70 dagar. Gruppene som blei utsett for UVB-lys hadde 2,5 til 6 gonger høgare vitamin D3 i muskelen etter 4 veker og meir enn 5 gonger så mykje etter om lag 10 veker enn kontrollgruppene.

Studien antydar at atlantisk laks i ferskvannsfasa lagar previtamin D3 frå 7-dehydrokolesterol ved hjelp av UVB-lys i langt større grad enn tidlegare antatt. Dette previtaminet blir så omdanna til aktiv D-vitamin blant anna i levra. I dagens lakseoppdrett, der meir av oppdrettet skjer i lukka eller nedsenka anlegg med ingen eller avgrensa tilgang til UVB frå naturleg sollys, er denne kunnskapen viktig.

- Vi hadde ei formeining om at UVB-lys hadde ei påverking på produksjonen av vitamin D3 i laks, men at det skulle gi så høg auke på kort tid, overraska oss alle. Dette er viktig informasjon i produksjonen av oppdrettslaks, både med omsyn til fisken og fiskevelferd og fiskehelse, men også for oss menneske då inntak av denne fisken kan gjere det lettare for oss å få i oss nok D-vitamin, seier veterinær og førsteamanuensis i marin næring ved Høgskolen i Molde, Øystein Klakegg.

Vidare forsking vil være å sjå på samanhengen mellom vitamin D og sollys i sjøfasa.

Les heile forskingsrapporten på ScienceDirect:

Fossen, I., Backström, T., Holte, T., & Klakegg, Ø. (2025) UV-B light stimulates the production of Vitamin D3 in Atlantic salmon. Aquaculture.

Kontakt forskerne

Bilde av Tobias Backström
Førsteamanuensis i sjøressurser og marin produksjon
E-post
tobias.backstrom@himolde.no
Telefon
+47 71 21 41 42
Bilde av Øystein Klakegg
Førsteamanuensis i marin næring
E-post
oystein.klakegg@himolde.no
Telefon
+47 71 19 59 00

Andre nettsteder som har publisert denne saken

Oppdrettslaks inneholder mindre D-vitamin enn før - forskere mener de har en løsning (Forskning.no, 21.10.2025)

UV-lys kan gi mer D-vitamin i oppdrettslaks (NRK Troms og Finnmark 21.10.2025)

Oppdrettslaks inneholder mindre D-vitamin enn før. Forskere mener de har en løsnin (helsenyheter 22.10.2025) 

Norsk forskning: Opdræt-laks mangler D-vitamin – men lys kan være løsningen (fiskerforum.dk, 22.10.2025)

Emneord: Oppdrettslaks, D-vitamin Av Sara Bjølverud
Publisert 23. okt. 2025 14:41 - Sist endret 24. okt. 2025 15:57