På nettsida vår finn du relevant informasjon om korleis du går fram for å søkja studium ved Høgskolen i Molde. Du finn detaljert informasjon om dei ulike studia i dei respektive studieomtalane.
Det finst ein knapp i studieomtalane som tek deg direkte til rett søkjeportal. Det formelle og praktiske rundt søknad, dokumentasjon og opptak finn du detaljert informasjon om på sida søknad og opptak.
Hugs søknadsfristen 15. april for søknader både til Samordna opptak og lokalt søknadsweb. Merk at 15. april i år er på ein laurdag, så du bør søkja i god tid i forkant og aller helst ta kontakt i forkant om du har nokre spørsmål rundt søknadsprosessen.
Lukke til med studievalet!