Statsbudsjettet 2024: HiMolde passerer 360 millonar i løyving

Statsbudsjettet for 2024 vart lagt fram i dag og for Høgskolen i Molde har regjeringa foreslått ei ramme på 360,3 millionar kroner.  Dette er ein oppgang på 22 millionar i høve til 2023-budsjettet.

Neste år vil regjeringa bruke 48,6 milliardar kroner på forsking og utvikling. Det er ein realvekst på 5,6 prosent samanlikna med 2023. Regjeringa føreslår å løyve 45,4 milliardar kroner til universiteta og dei statlege og private høgskulane i 2024. Det er 1,6 milliardar høgare enn revidert budsjett for 2023.  Les heile pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet her. 

- Vi er godt nøgd med budsjettet for neste år, seier høgskuledirektør Øyvind Sørensen. Vi har fått ei auke i løyvinga på 6,6%, noko som er litt over landsgjennomsnittet.  No skal vi sette oss inn i dei ulike komponentane som har danna grunnlag for tildelinga. 

Det er mellom anna budsjettert med 255 nye studieplassar i 2024 og kunnskapsministeren skriv i si pressemelding at "dette er plassar som vil kome, særleg innan helse og IKT, og til å etablere viktige studietilbod fleire stader".  HiMolde har studier innan begge desse fagområda, og då kan det kanskje kome fleire plassar også her.

Publisert 6. okt. 2023 19:03 - Sist endret 6. juni 2025 14:06