Tidlegare i år var Mirzaie medarrangør av den første studentkonferansen ved Høgskulen i Molde. Formålet med konferansen var å auke engasjement frå studentane si side, slik at dei melder seg inn i verv på høgskulen og kan påverke si eiga og framtidas studiekvardag.
Studentverv nyttar i jobbsøk
Ein av føredragshaldarane på konferansen var den tidlegare studentleiaren Gjermund
Kvernmo Langset. Dei to fekk utveksla nyttige erfaringar frå studentverv som ein kan ta med seg inn i arbeidslivet. Blant anna kan slike verv bidra til å skilje seg ut på ein CV.
– Mange med gode CV-ar frå utdanning kan ha nytte av å skilje seg ut med verv frå studietida. Det viser at du gjer ein innsats ut over det som er forventa, seier Langset.
Fleire moglegheiter
Hawjin Mirzaie sin tid som leiar av Arbeidsutvalet i Studenttinget er over, men ho har planar om å engasjere seg i studentfrivilligheita også på den nye studiestaden.
– Eg har snakka blant anna med leiar for studentparlamentet i Bergen. Eg kjem uansett til å vera frivillig på den neste staden eg skal studere.
Mirzaie synest det er givande og artig å jobba i organisasjonane, og vektlegg kor viktig det er med ulike personlegdomar i verva.
– Eg trur organisasjonane kan dra nytte av dei som ikkje liker å markere seg mest, dei som jobbar meir i bakgrunnen.
Positive endringar
Ho reflekterer også over dei positive endringane ho har sett i studentmiljøet i løpet av dei tre åra ho har vore i Molde.
– Studenttinget var ikkje så godt kjent då eg starta her for tre år sidan. Mange tenkte nok at studenttinget berre skulle sitje og vedta ting og slikt. Men vi har vore meir aktive og arrangert ting, som workshopar, quiz og no studentkonferansen. Det vi gjer merkast, og eg trur det har noko å seie når høgskulen er med og engasjerer studentane.
Vi ønsker Hawjin lukke til vidare i studiane og arbeidslivet!