Høgskulens første studentbedrift vidare til NM

Actio SB, høgskulens første studentbedrift, gjekk tysdag vidare til NM for studentbedrifter!

Foto av 5 studenter som holder en sjekk

Actio SB med premien for Beste samarbeid med næringslivet.
Frå venstre: Julian Bucholm Taknæs, Ane Emilie Julbø, Susanne Hopsdal Davanger, Frida Myhre Sponås, Joachim Alexander Malme Gjelsvik

Tysdag blei fylkesmeisterskapen for studentbedrifter, i regi av Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal, arrangert i Ålesund.

ACTIO SB, høgskulens første studentbedrift, var ei av totalt 6 studentbedrifter som deltok på meisterskapen.

Om bedrifta skriv dei at dei "skal fremje innenforskap og inkludering gjennom ein tilrettelagd aktivitetskalender for innbyggjarar i Molde kommune som fell utanfor".

Actio SB vann prisen for beste samarbeid med næringslivet, og blei dermed ei av to studentbedrifter som skal til NM i Oslo seinare i år. Den andre studentbedrifta, som fekk utmerkinga årets studentbedrift, er Soundfence SB frå NTNU Ålesund. Dei har laga ei eining som skal sende ut høgfrekvent lyd og blinkande lys for å halde hjort, elg og rådyr borte frå jordbruksområde.

Du kan lese meir på Ungt entreprenørskap sine nettsider.

 

Emneord: Studentbedrift, ungt entreprenørskap, Høgskolen i molde, vernepleie, sykepleie Av Aksel Sandvik
Publisert 24. apr. 2024 11:23 - Sist endret 24. apr. 2024 11:23