Nye krav til å bli universitet – store moglegheiter for Høgskolen i Molde

Regjeringa har i dag vedteke dei nye akkrediteringsreglane for å bli universitet. Høgskolen i Molde ynskjer endringane velkomne, og ser store moglegheiter.

Rektor Elin Mordal og prorektor Svein Bråthen ved Høgskolen i Molde.

Rektor Elin Mordal og prorektor Svein Bråthen ved Høgskolen i Molde. Foto: Yngve Hustad Reite

Den viktigaste endringa i vedtektene er at det no er tilstrekkeleg med minst eitt doktorgradsprogram, mot tidlegare minst fire.

Høgskolen i Molde har i dag eitt sjølvstendig doktorgradsprogram innan logistikk, samt eitt felles doktorgradsprogram innan helse- og sosialfag i samarbeid med Høgskulen i Volda. 

Rektor Elin Mordal helsar dei nye reglane velkomne, og seier desse endringane er godt kjend frå tidlegare høyringar i haust. Ho og prorektor Svein Bråthen uttalar: 
 
– Høgskolen i Molde ser dei nye reglane for akkreditering til universitet som ei svært interessant moglegheit. Høgskulen kan vere i god posisjon til å søkje slik akkreditering. Vi skal no gjere nødvendige avklaringar, som grunnlag for vidare arbeid.

Viktig for høgskulen, byane og regionen  

Å bli universitet inneber meir enn eit namneskifte. Det kan ha påverknad på høgskolen si framtid og utvikling. For høgskolen vil universitetsstatus kunne auke attraktivitet for både studentar, tilsette og samarbeidspartnarar og betre moglegheiter for eit breiare internasjonalt samarbeid. Dette vil ikkje berre vere viktig for Høgskolen i Molde, men også for heile regionen.

Sjå Forskrift om endring i forskrifter til universitets- og høyskoleloven

Publisert 11. des. 2024 13:29 - Sist endret 11. des. 2024 13:38