Nytt dobbelgradsprogram i logistikk i samarbeid med Brno University of Technology

Høgskolen i Molde vil frå hausten 2024 tilby eit dobbelgradsprogram i logistikk i samarbeid med Brno University of Technology i Tsjekkia. 

Bilde av logo av Høgskolen i Molde og BRNO university of technology

Høgskolen i Molde vil frå hausten 2024 tilby eit dobbelgradsprogram i samarbeid med Brno University of Technology, som vil fokusera på dei analytiske aspekta ved logistikkoppgåver frå eit matematisk synspunkt. Døme på metodar du lærer om er:

  • Optimal routing
  • Supply Chain Management
  • Distribusjon og levering
  • Overskotsfordeling
  • Produksjonsplanlegging

Første år vil gå føre seg i Tsjekkia og andre år i Molde. Forelesingar er på engelsk. Etter endt studie vil du få både tsjekkisk og norsk vitnemål.

Tett og praktisk samarbeid

Me på høgskulen samarbeider tett med norske logistikkbedrifter, og du vil få praktisk erfaring om til dømes å levera forsyningar til oljeplattformer og korleis distribuera olje eller gass til kundar.

Studentane skal løysa praktiske problemstillingar ved hjelp av presise analytiske metodar, optimalisera resultata og bruka kunstig intelligens når det er aktuelt. Spelteori er også involvert for å rettferdiggjera måten å dela overskotet på og innlemma måla til involverte interessentar.

Opptakskrav

Det er krav om eit minimums ferdigheitsnivå i matematikk tilnærma grada Fundamentals of Mechanical Engineering (BUT), det vil seia at solid grunnlag for lineær algebra, kalkulus, differensiallikningar og statistikk er nødvendig.

Det første året vil ein opphalde seg i Brno, det andre i Molde. Haustsemesteret i det andre året er samansett av seminar i logistikk undervist av internasjonalt anerkjende spesialistar, i form av ei vekes intensiv undervising avslutta med ei evaluering.

Vårsemesteret er vigd skriving av masteroppgave, typisk i samarbeid med eit norsk selskap, til dømes knytt til gruveindustri eller logistikken innan olje- eller gassdistribusjon. Oppgåva vil bli rettleidd av tsjekkiske og norske spesialistar.

Studentane vil få både tsjekkiske og norske vitnemål. Studiet kvalifiserar for å halda fram med PhD-studium i Applied Mathematics i Brno eller i Logistikk ved Høgskolen i Molde etter endt studie.

Kontaktperson

Professor Arild Hoff

Les mer

Om Brno University of Technology

Om studieprogrammet

Emneord: dobbelgrad, BRNO, Høgskolen i molde, logistikk, double degree Av Aksel Sandvik
Publisert 29. jan. 2024 14:14 - Sist endret 29. jan. 2024 15:40