– Dette er utruleg kjekt og eit resultat av målretta innsats frå studentar, studentassistentar og fagmiljø. Dette er eit krevjande emne som mange studentar treng fleire forsøk for å komme seg gjennom, seier førsteamanuensis og emneansvarleg for AFB ved HiMolde, Ole Kristian Brones Berg.
Berg har i fleire år vore del av det nasjonale eksamensteamet for sjukepleieutdanninga i Noreg, og kjenner godt til utviklinga i fagfeltet.
Studentar som hjelper studentar
Ein viktig suksessfaktor er HiMolde si satsing på studentassistentar. Våren 2025 har både Molde- og Kristiansund-studentar nytta seg av ei ordning der medstudentar bidreg i undervisninga – ei lønna stilling som har vist seg å gje svært god effekt.
– Det er første gong vi prøver at førsteårsstudentar hjelper andre førsteårsstudentar i Molde. I Kristiansund er det andreårsstudentar som har hatt rolla. Fire assistentar i Kristiansund og fem i Molde har vore i sving denne våren, fortel Berg.
Motivasjon, meistring og betre læringsmiljø
i Molde.
Jonas Hoem Wågbø, ein av studentassistentane i Molde, har tidlegare studert ingeniørfag ved NTNU. No går han første året på sjukepleieutdanninga ved HiMolde.
– Det er veldig givande å kunne hjelpe medstudentar. Vi lærer meir sjølve, og det lettar presset på undervisarane. Eg håpar at lærarane ser verdien i å bruke oss til dømes til retting av innleveringar og prøver, slik at framtidige kull blir betre førebudde til eksamen. At vi stud.ass-ar og medstudentar jobbar saman og diskuterer faga styrkjer både miljøet og læringsutbyttet, seier Wågbø.
Andreårsstudent Carina Kjønsvik i Kristiansund deler entusiasmen:
– Det har vore både lærerikt og sosialt. Eg hadde inga erfaring med undervisning frå før, men medstudentane var engasjerte, og det gjorde jobben lettare. No er eg stud.ass i fleire fag og ønskjer å halde fram. Å kombinere rolla som student og undervisar styrkjer både fagmiljøet og fellesskapen – og i tillegg er fint å kunne vise til framtidig arbeidsgjevar, seier ho.
Ordninga blir no evaluert med tanke på vidareføring og mogleg utviding. Med desse resultata er det klart at HiMolde har funne ein modell som fungerer – både for fagleg kvalitet og for studentmiljø.
Sjå også: Mye lavere strykprosent på konteeksamen i anatomi (sykepleien.no)
UiT har det beste karaktersnittet blant studiestedene, men er i særeigen posisjon sidan talla derfrå reknar både konteeksamen og førstegangseksamen samla, til forskjell fra dei andre studiestedene.

Kjelde: Nokut