Kreativ kampanje frå studentperspektiv gav utslaget
Kommunikasjonsavdelinga ved høgskulen består av fire personar, og er i prosess for å rekruttera ein femte person. Informasjonssjef Jens Petter Straumsheim er nøgd med å ha landa byråvalet, og ser frem til eit tett samarbeid med byrået.
- BERRE viste forståing for utfordringa med å rekruttere studentar til eit studietilbod fleire lærestader i landet tilbyr, og klarte med si skisse for ei reklamekampanje å vise at dei kan tenke kreativt, med bruk av humor og frå ein students ståstad, kvifor utdanning er viktig for å stille sterkare i å sikre seg jobben ein ønsker, seier Straumsheim.

F.v.: Jens Petter Straumsheim, Sara Bjølverud og Aksel Bølgen Sandvik. Marit Austvik Letnes var ikkje til stades då biletet blei tatt. Foto: Georg Kvalsvik, HiMolde
BERRE blei stifta i 1996 av Lasse Berre. Den gongen som eit reindyrka fotostudio, medan dei no er eit av Trondheims største reklame- og kommunikasjonsbyrå.
- Høgskolen i Molde er ein spanande utdanningsinstitusjon med sterke fagmiljø som er plassert i ein av landets mest spektakulære regionar. Det gir heilt unike moglegheiter for å bygge en tydeleg profil, forstå ambisjonane deira og skape kommunikasjon som styrker posisjonen. Vi gler oss mest til å jobbe tett på folka, dei som kvar dag løfter høgskolen framover. Saman kan vi finne historiene, moglegheitene og uttrykka som viser fram alt Høgskolen i Molde står for, seier Lasse Berre, dagleg leder og seniorrådgjevar i BERRE.