Det er Sparebanken Møre som deler ut prisen og i grunngjevinga for tildelinga til Marken og Aarseth står det mellom anna "Slik redaksjonen ser det held kapittelet høg vitskapeleg kvalitet. Kapittelet er gjennomarbeida både metodisk, analytisk og språkleg. Temaet som blir drøfta er svært aktuelt i dagens faglege og politiske diskurs om utvikling av helsetenester. Kapittelet bidreg til faglege diskusjonar om tverrfagleg samarbeid på dette feltet.
...
Kapittelet tek opp eit svært aktuelt helsefagleg spørsmål som er vesentleg for korleis infrastrukturen i ein geografisk region legg til rette for utvikling av den regionale konkurransekrafta".
Utfordringar knytt til samhandling og organsering av ambulansetenestene
Det har dei seinare år skjedd ei stor omlegging av legevakt- og ambulansetenestene i regionen. Antall legevakter er blitt redusert, samstundes som ambulansane utfører meir og meir avansert behandling av pasiantar i bilane. Omorgansieringa har medført fleire nye utfordringar; knytt til kommunikasjon, samordning og organisering av tenestene. Dette var noko Beathe og Turid ville sjå nærare på. I samandraget til artikkelen står det:
"Den akuttmedisinske kjeden er basert på samhandling mellom kommuner og helseforetak med felles ansvar for å sikre befolkningen tilgang til akuttmedisinske tjenester. Kapittelet handler om hvordan ett av leddene i kjeden, ambulansetjenesten, utfordres av etablering av interkommunale legevakter med stort geografisk nedslagsfelt."
Heile artikkelen kan lesast på Scandinavian Unversity Press.
Masterstudenten og rettleiaren
Dei to artikkelforfattarane traff kvarandre då Beathe var student på masterstudiet i helseleiing. Turid var rettleiaren til Beathe i arbeidet med masteroppgåva og dei ble soleis godt kjent med kvarandre. Dei er begge tilsette ved Høgskolen i Molde, Beathe er høgskulelektor og tilknytt paramedisinstudiet på Avdeling for helse- og sosialfag, medan Turid er professor og tilknytt vidareutdanninga "Ledelse i helse- og sosialsektoren", ved Avdeling for økonomi og samfunnsvitenskap. Med bakgrunn i denne relasjonen tok Turid kontakt med Beathe i fjor og oppfordra ho til å skrive ein artikkel til Fjordkonferansen 2024, basert på funna i masteroppgåva til Beathe. Slik vart det, og samskrivinga viste seg å bli svært utbytterik. Dette var første gong Beathe skreiv ein vitskapeleg artikkel, og då å få med seg ein så erfaren forskar og forfattar som Turid har gitt ho inspirasjon til vidare forsking og publisering. Dei to representerer både kvar si avdeling ved høgskulen, men også to ulike generasjonar, med ein aldersforskjell på 36 år.