Forsking til folket

Høgskolen i Molde er klar for å arrangere ein ny runde med forskingsdagar. Årets tema er tryggleik.

Portrettbilde av smilande kvinne

Forskingsdagane er ein årleg nasjonal festival som skal bringe forsking nærare folk. Frå 17. til 28. september kan publikum i Molde og Kristiansund oppleve forskarar frå HiMolde dele kunnskap i form av foredrag, samtalar og seminar. Alle arrangementa er gratis, men til fleire av dei må ein hente ut billett på førehand.

Sjå fullt program og hent gratisbillett 

Program i Kristiansund

Lær meir om demens – det angår oss alle

18. september kl. 18.30, Campus Kristiansund

Professor Anne Marie Mork Rokstad deler innsikt frå demensforskinga si.

Når kjærleik gjer vondt. Korleis forstå vald, førebygge og hjelpe

23. september kl. 18.30, Campus Kristiansund

Forskar Thea Brevik innleier om partnervald i Noreg. Ho møter representantar frå politi, krisesenter og kunstnar Carine Van Hee til samtale. Etterpå opnar Van Hee ei eiga kunstinstallasjon.

Program i Molde

Idrett for alle – får vi det til?

24. september kl. 12.30–16.00, Storyville, Plassen

Sjølv om europeisk idrettspolitikk generelt – og norsk idrettspolitikk spesielt – fremmer prinsippet om «idrett for alle», er det ofte utfordrande å sette prinsippet ut i praksis.

La personar med utviklingshemming sleppe til i samfunnet!

25. september kl. 19.00–20.30, Storyville, Plassen

Tre av forfattarane bak boka Å slippe til! deler erfaringar om korleis barrierar kan rivast ned.

Demens – livskvalitet og ettertanke

25. september kl. 18.00–19.00, Storyville, Plassen

Professorane Anne Marie Mork Rokstad og Atle Ødegård snakkar om personsentrert omsorg, kombinert med musikk og refleksjon.

 

 

Av BaneNOR
Publisert 16. sep. 2025 11:14 - Sist endret 13. okt. 2025 14:00