Høgskolen i Molde med nytt masterprogram frå 2026 som einaste tilbydar i regionen

Frå hausten 2026 vil Høgskolen i Molde tilby eit nytt masterprogram i sjukepleie i psykisk helse, rus og avhengigheit. Med det vert høgskulen den einaste studiestaden i helseregionen Midt-Noreg som tilbyr dette studiet. 

F.v. Førsteamanuensis Kjellaug Klock Myklebust, dekan Liv Bachmann og høgskolelektor Ragnhild Sættem, som alle har vore involvert i søknadsarbeidet med å få masterprogrammet til Høgskolen i Molde.

F.v. Førsteamanuensis Kjellaug Klock Myklebust, dekan Liv Bachmann og høgskolelektor Ragnhild Sættem, som alle har vore involvert i søknadsarbeidet med å få masterprogrammet til Høgskolen i Molde. Foto: Sara Bjølverud, Høgskolen i Molde

I fjor fekk Lovisenberg diakonale høgskole akkreditert masterprogrammet av NOKUT, som den første lærestaden i Noreg.

- Vi kan no gi eit ettertrakta tilbod i Midt-Noreg for både spesialist- og kommunale helsetenester der vi er den einaste studiestaden i regionen som har eit masterstudium retta berre mot sjukepleiarar, fortel dekan Liv Bachmann ved Høgskulen i Molde.

Fleire undersøkingar har avdekka at personar med utfordringar innan psykisk helse og rus har 15-20 år kortare levealder enn normalbefolkninga. Ofte skuldast dette dårleg oppfølging av den somatiske helsa, og føremålet med masterprogrammet er å utdanne sjukepleiarar med avansert vurdering og handlingskompetanse som kan møte behova til menneskjer med både akutte og langvarige plager og lidelsar relatert til psykisk helse-, rus- og ulike former for avhengigheitsproblem

- Med masterprogrammet kan vi betre sikra at sjukepleiarane har nok kunnskap og relevant kompetanse til å forebygge og redusera risikoen for somatisk sjukdom og betre levekåra hos desse personane, seier Bachmann.

Høgskolen i Molde tilbyr tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid som deltidsstudium. Det nye masterprogrammet for sjukepleiarar vil bli ei fagleg styrking av høgskulens tilbod innan psykisk helse, rus og avhengigheit. Masterprogrammet vil bli tilbydd som deltidsstudium med ei varigheit på 3,5-4 år, noko som gir moglegheit for at studentar over heile landet kan ta studiet, sidan det berre er lagt opp til tre fysiske samlingar i semesteret.

Av Sara Bjølverud
Publisert 1. des. 2025 10:31 - Sist endret 1. des. 2025 10:31