Etter først å ha stått for opninga av nysjukehuset på Hjelset, dreg altså kronprinsfølgjet vidare til Kristiansund. Her vert det først eit besøk på SNR Kristiansund før dei legg turen innom Campus Kristiansund. Etter plana skal Kronprinsen vere på Campus frå 15.45 til 17.00.
Kronprinsen vil få ei omvising i lokala til Høgskolen i Molde og møte tilsette og studentar på sjukepleiarutdanninga vår. Frå høgskulen vil mellom andre rektor, dekan for Avdeling for helse- og sosialfag og fire sjukepleiarstundentar delta.
For fleire detaljar om programmet, sjå Statsforvaltarens heimesider.