Den første boka, ein kort og lettfattelig lærebok i grunnleggjande matematikk, er venta i sal 28. mai 2025.
Kontinuerlig oppdatering og forbetring
Sidan Per Kristian Rekdal fekk fast tilsetting ved HiMolde i 2012, har han hatt ansvaret for høgskolen sitt 5-dager lange forkurs i matematikk. Dette forkurset er nyttig for ei stor gruppe studentar: frå sjukepleiestudentar som skal ha medikamentrekning, logistikkstudentar som skal lære om transportøkonomi til studentar innen økonomi og samfunnsvitenskap.
Les meir: Ny og bedre utgave av forkurset i matte 2025 - Høgskolen i Molde
Mange som startar på høgare utdanning, ynskjer slike intensive forkurs for å få ein god start.
– Matte opplevast ofte som utfordrande, og fleire studentar har valt det bort i vidaregåande skule. Eg ser stor nytte og verdi av forkurset og har utvikla eige kompendium opp gjennom åra som inkluderer tema studentane slit med, sier Rekdal.
Kompendiet for forkurs i matte har blitt forbetra år for år. Sammen med Bård-Inge Pettersen har duoen skrive fleire kompendium, i ulike tema som matematikk, statistikk, studieteknikk og lager- og produksjonsplanlegging.
Du finner bøkene i din egen fagbokhandel ved Høgskolen i Molde
ChatGPT, GeoGebra og QR-koder - bok med interaktive element
Boka blir utgitt i fysisk og digitalt format, utstyrt med QR-koder som gir ei utvida læreoppleving for lesaren.
QR-kodar gir studentane tilgang til quizer og videoar. I tillegg viser forfattarane korleis ein nyttar GeoGebra og ChatGPT som læringsverktøy.
– Vi gir klare døme på bruk av desse verktøya i grunnleggjande matematikk. Vi trur at denne tilnærminga vil ha stor betydning for studentar som har vanskar med matematikk og som er nervøse for krava dei vil møte i studiet. Vi er sikre på at den nye boka vil heve kvaliteten på Forkurs i matematikk i år og framover, sier Rekdal.
Lærebokstipend hos Cappelen Damm Akademisk
I 2022 søkte Pettersen og Rekdal om lærebokstipend hos Cappelen Damm for eit prosjekt om studieteknikk.
– Sjølv om søknaden ikkje vart innvilga, blei boka vald ut til videre diskusjon. Gjennom denne prosessen fekk vi snakke om kompendia våre, og blei einige om å samarbeide. Så her har vi gått fra heimeproduserte kompendium til å gi ut lærebøker på eit av Norges største og mest annerkjente forlag, avsluttar Rekdal.
Her får du tak i bøkene
Studensamskipnaden i Molde på Molde Campus - kom innom eller få de tilsendt
Når du handler via SiMoldes bokhandel støtter du studielivet ditt. Pengene går tilbake til studentvelferden!
Grunnleggjande matematikk av Bård-Inge Pettersen og Per Kristian Rekdal | Cappelen Damm Utdanning
Boka distribueres digitalt via Allvit, som leverer digitale pensumbøker på nett i PDF- og EPUB format.
Om forfattarane
Per Kristian Rekdal er førsteamanuensis ved Høgskolen i Molde, utdannet sivilingeniør i teknisk fysikk med doktorgrad fra NTNU. Han har forsket ved Imperial College London og Universität Graz, Østerrike og er særlig opptatt av teoretisk fysikk.
Bård-Inge Pettersen er høgskolelektor ved Høgskolen i Molde og utdannet sivilingeniør i matematikk frå NTNU. Sidan 2015 har han undervist i logistikk, statistikk og bedriftsøkonomi ved Høgskolen i Molde. Pettersen har skrive fleire lærebøker med kollega Per Kristian Rekdal innan matematikk, statistikk, logistikk og studieteknikk, og han er pådrivar for fleksible og nettbaserte studiar i logistikk.