Denne hausten starta eit nytt kull på årsstudium i helseteknologi og digitalisering ved Høgskulen i Molde, studiestad Kristiansund. Studentane kjem frå store delar av landet og har ulik bakgrunn, noko som viser kor breitt studiet famnar. Fagansvarleg er førstelektor Cecilie Katrine Utheim Grønvik.
Ikkje plankekøyring å vere digital

Roboten Pepper var henta inn frå Newton-rommet på Campus Kristiansund for å ønskje studentane velkomne. I staden fekk dei ei lyninnføring i at teknologi òg kan by på utfordringar. Pepper kom seg nemleg ikkje inn på høgskulen sitt nettverk. Opptrinnet vart likevel til nyttig læring, og i pausa fekk studentane besøke Pepper på «heimebane» i Newton-rommet.
Eit felt i rask utvikling
Studiet vart etablert i 2017 etter initiativ frå Rådmannskollegiet i Nordmøre og Romsdal, i samarbeid med Helseinnovasjonssenteret og Høgskulen i Molde. Frå 2024 har utdanninga fått tittelen årsstudium i helseteknologi og digitalisering, for å spegle breidda i fagfeltet.
– Målet er at teknologi og digitale løysingar skal bidra til meir pasientsentrerte helsetenester, men òg hjelpe oss som jobbar i sektoren, sa Grønvik.
Studentperspektivet

Hans Christian Lange er koordinator for teknologi og e-helse i Molde kommune, og fullførte årsstudiet våren 2025. Han såg utdanninga som ein moglegheit til å kombinere prosjektleiarkompetansen sin med djupare forståing for teknologi i helse.
– Eg tenkte at det her var perfekt, med tanke på å få litt fagleg påfyll på det med helse- og velferdsteknologi og e-helse, fortel han.
Lange meiner det viktigaste for studentane er å vere opne og ta inn over seg både moglegheiter og utfordringar.
– Mine beste tips er å omfamne alt det teknologien inneber – frå den fysiske duppedingsen til personvernlovverk og alt det som er rundt. Og alltid tenke pasient og brukar.
Teknologi for å utvide omsorga

Gjennom studiet får studentane innføring i ulike digitale og helseteknologiske løysingar som kan støtte pasientar og brukarar i alle delar av helse- og omsorgstenesta. Like viktig er forståinga av personvern, etikk og kva digitalisering betyr for organiseringa av helsetenester.
– Det er ikkje nødvendigvis ein motsetning mellom varme hender og kald teknologi, understreka Grønvik. Teknologi skal ikkje erstatte omsorg, men bidra til auka meistring, sjølvstende og fridom.
Eit fleksibelt tilbod
Årsstudiet går over to år, med 60 studiepoeng fordelt på fire semester. Undervisninga kombinerer samlingar i Kristiansund med digitale løysingar, og eksamen er lagt opp slik at det er mogleg å kombinere studiet med jobb.
– Oppmøte på samlingane er viktig for å bygge relasjonar, som kan bidra til auka trivsel og motivasjon for læring, sa Grønvik.