Dei fem mennene er ein del av prosjektet «Menn i helse», som har som målsetjing å skape nye sosiale arenaer for menn som studerer helsefag ved Høgskolen i Molde. «Menn i helse» er ei forlenging av prosjektet «Gutter og helsefag» ved UiT Norges arktiske universitet og NTNU, som er initiert av regjeringa.
Denne hausten har helse- og sosialfag ved Høgskolen i Molde 1068 studentar på heil- og deltidsstudie. Studia som blir tilbode er bachelor i sjukepleie, vernepleie og paramedisin. Helse- og sosialfag har vore og er framleis svært kvinnedominert, men statistikken viser at noko er i endring og det blir stadig fleire mannlege studentar.
- Trenden er svært positiv og vi håper at våre rollemodellar kan bidra inn i rekrutteringa. Deira viktigaste oppgåve er å skape ein sosial arena for våre mannlege studentar ved profesjonsstudiane. I tillegg vil dei også gjere rekrutteringsarbeid der dei blant anna vil besøke ungdomsskular og vidaregåande skuler, bidra under arrangement, fagdagar og anna, seier høgskolelektor Tonje Sollid ved Høgskolen i Molde.

Foto: Eirik Heen, Romsdals Budstikke
I lag med Eva Merete Otterlei Børstad frå Studentsamskipnaden i Molde, har ho ansvar for prosjektet og er begeistra over dei fem mannlege studentane dei har rekruttert.
- Vi er utruleg glade for at John Helge, Kevin, Jonas, Markus Johann og Elias ønskjer å vere rollemodellar for andre mannlege helse- og sosialfagstudentar ved høgskolen. Det er ei flott gruppe som strålar entusiasme og som ønskjer eit godt sosialt nettverk. Vi håper at prosjektet er med på å få fleire til å søke seg til sjukepleie, vernepleie og paramedisin, seier Otterlei Børstad.
Vende alltid tilbake til helsefag
Jonas Hoem Wågbø (24) frå Boggestranda i gamle Nesset, er ein av dei fem rollemodellane som gleder seg til å ta fatt på oppgåva.
- Å kunne vise andre at å studere og jobba innanfor helsefag kan være ganske kult og spennande, er ei viktig årsak til at eg ville være rollemodell. Eg synes studiemiljøet her er fint, men samtidig er det forbetringspotensiale. Sjølve klassemiljøet er veldig bra og vi er godt samansveisa i klassen, men utanom det er det for det meste utestader vi heng på. Eg håpar vi kan skape eit enda meir aktivt miljø her på campus, seier den engasjerte studenten.
Wågbø har ikkje alltid vore sikker på om det var helsefag som var riktig veg for han, og han har både studert og jobba innan yrker som er langt ifrå helsefag.
- Etter å ha vore innom desse yrkene har eg alltid komen tilbake til helsefag. No er eg halvvegs gjennom studieløpet, og dette er definitivt riktig val for meg og eg har aldri angra, seier Wågbø.
Før jul reiser dei fem rollemodellane til Oslo for meir opplæring, der dei også vil få møte rollemodellar frå andre studiestader i landet.
Du kan også lese om "Menn i helsefag" i Romsdals Budstikke.