Kreftlege ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset (SNR), Eli Sihn Samdal Steinskog, heldt føredrag om korleis kreft oppstår og om kreft med ukjent utgangspunkt. Ho fortalde òg om NorCUP-studien, som forskar på denne typen kreft – ein diagnose som er særleg krevjande fordi ein ikkje veit kvar sjukdomen starta.
Kreft er ein sjukdom som råkar mange. Før fylte 80 år har rundt fire av ti nordmenn fått minst éin kreftdiagnose. Det var tydeleg at publikum var engasjert i å forstå meir om kreft, og dei stilte fleire spørsmål til Samdal Steinskog. Publikum fekk òg høyre om personlege erfaringar med sjukdomen då rektor ved Høgskolen i Molde, Elin Mordal, i samtale med Samdal Steinskog fortalde om si eiga krefthistorie. For fem år sidan vart det oppdaga ein kul i brystet då ho var til mammografi, og sidan den gongen har ho gjennomgått både operasjon og behandling. I dag får ho framleis behandling.
Mordal fortalde òg om ein krevjande periode med cellegiftbehandling, då ho samstundes fullførte doktorgraden og forsvarte han medan ho framleis stod i eit tøft behandlingsløp.
- Det er viktig å hugse at kreft er ulik frå person til person. Det eg har opplevd, er éin variant, fortalde Mordal frå scena.
Kreft med ukjent utgangspunkt
Kvart år får rundt 370 pasientar i Noreg diagnosen kreft med ukjent utgangspunkt. Det svarar til 1–2 prosent av alle krefttilfelle. Når legane ikkje finn ut kvar kreften starta, blir det òg vanskelegare å gi målretta behandling. For denne pasientgruppa er prognosane ofte alvorlege. Eittårsoverlevinga er låg, på om lag 20 prosent, og median overleving er om lag tre månader.
NorCUP-studien opna for å inkludere pasientar i april, og så langt er 10 pasientar med, fem av dei frå Nordmøre og Romsdal.
- Resultata frå dei første pasientane kan så langt gi grunnlag for håp: For somme av dei klarer vi å antyde eit sannsynleg utgangspunkt for kreften. Dette opnar igjen for meir målretta behandling – og så vil tida vise om dette kan bidra til å auke overlevinga og livskvaliteten, seier Samdal Steinskog.