Plassane er øyremerkte kandidatar med bachelor i rettsvitskap frå Høgskolen i Molde, og opptak skjer på grunnlag av karakterar frå bachelorgraden.
Tidlegare var det berre mogleg å søkje masterprogrammet ved UiB med grunnlag i karaktersnitt frå vidaregåande skule og tilleggspoeng for alder og anna høgare utdanning.
– Dette gir endå fleire moglegheiter for bachelorstudentane våre, når dei no kan søkje direkte til masterprogrammet i rettsvitskap ved UiB, seier Kari Grethe Koppang Welle, studieleiar for bachelor i rettsvitskap ved Høgskolen i Molde.
Bachelor i rettsvitskap frå HiMolde er óg godkjend for opptak til mastergrad i rettsvitskap både ved Universitetet i Agder og ved Universitetet i Stavanger.