Arendalsuka er Noregs viktigaste demokratifestival, og i år blei det halde over 2247 arrangement i sørlandsbyen. Kunstig intelligens og beredskap var populære tema, og fleire institusjonar frå utdanningssektoren arrangerte panelsamtalar om ulike tema som vedkjem sektoren.
Kunnskapssektoren var sterkt representert, noko som kom til syne i dei mange panelsamtalene der det blant anna vart diskutert kunstig intelligens si utfordringar og fordelar i både utdanning og forskingssøknader, korleis forsking betre kan formidlast og teke i bruk av befolkninga, politikarane og næringslivet og korleis utdanning kan bidra til et mer inkluderende arbeids- og samfunnsliv.
- Arendalsuka er ein viktig arena for å knyte nettverk, få ny fagleg kunnskap og kunne delta i samtaler som kan bidra til endring, meiner rektor ved Høgskolen i Molde, Elin Mordal.

Møre og Romsdal var òg representert, og under KNN, Sparebank 1 Nordmøre, NEAS AS, Sparebankstiftinga Nordvest og Kristiansund kommune sitt arrangement «Kan distrikta bygge sine eigne kunnskapsklynger?», deltok professor ved Høgskolen i Molde, Steinar Kristoffersen i panelsamtalen. Her delte han tankar og erfaringar saman med dagleg leiar i Campus Utvikling, Roland Mauseth, kommunedirektør i Kristiansund kommune, Arne Ingebrigtsen og stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet, Isak Busch. Samtalen blei leia av partner og dagleg leiar i Kruse Larsen, Jan-Erik Larsen. Temaet var korleis samarbeidsmodellar, som til dømes Campus Kristiansund, kan bidra til å bygge kunnskapsmiljø utanfor dei største byane.

Utflyttinga frå distrikta blei problematisert, og panelet var samde om at det er desto viktigare å ha kunnskapsklynger som knyter saman utdanningssektoren og næringslivet i distrikta. Dette vil igjen kunne tiltrekkje studentar som blir verande og får seg jobb i distrikta.
Kristoffersen meinte slike kunnskapsklynger skapar nærare samarbeid mellom forsking og arbeidslivet, og gjør det enklare for studentar å bli med på prosjekt. Han peika òg på kor viktig det er at vi tilbyr logistikkutdanning, som tiltrekkjer studentar frå heile verda.
– Vi er heilt unike i å tilby denne utdanninga, og med relativt små ressursar kan vi utdanne mange. Kandidatane kjem frå heile verda, og dei kan vidareføre og spreie si kunnskap når dei er ferdig uteksaminert, sa Kristoffersen.