Praktisk erfaring gir studentar innblikk i forvaltning og karriereval

Ein månad i praksis hos fylkeskommunen og andre aktørar gav bachelorstudentar i politikk, juss og administrasjon verdifull erfaring, ansvar og nettverk.

Praksisstudentene avbildet sammen med Mowinckel

F.v.: Lars Trygve Bryne Olsen, Sigrid Aunan Andersen, Lise Slemmen Gussiås, Andrea Tangen Stewart, Ola Krekvik Mowinckel og Einar Jordahl. Foto: Sara Bjølverud

Dei fem studentane som no er i siste semester på bachelorgraden i politikk, juss og administrasjon, var hausten 2025 praktikantar i fylkeskommunen i Møre og Romsdal, NAV og Astero, og skildrar opphalda som lærerike og motiverande.

Lars Trygve Bryne Olsen var praktikant i fylkeskommunen, og seier han fekk eit unikt innblikk i korleis forvaltning og offentlege prosesser fungerer i verkelegheita.

- Eg arbeidde hovudsakleg med kunnskapsgrunnlaget for den kommande regionale kulturstrategien, særleg rundt kulturens eigenverdi og korleis andre fylker jobbar med dette, fortel Lars Trygve. Han framhev at kulturavdelinga viste stor tillit og gav han mykje ansvar, noko som gjorde praksisen både relevant og spennande.

Byggjer nettverk gjennom praksisen

Andrea Tangen Stewart var utplassert hos Astero AS, der ho bidrog i planlegginga og gjennomføringa av eit prosjekt knytt til omdømmekartlegging av bedrifta.

- Det innebar å utforme eit metodisk opplegg, gjennomføre datainnsamling gjennom intervju og deretter presentere funn til leiinga, fortel Andrea, som meiner praksisen gir ei unik mogelegheit til å knyte studiet til arbeidslivet samt bygge verdifulle relasjonar og nettverk med potensielle framtidige arbeidsgjevarar.

Studentane peikar på at praksis óg kan avklare framtidige karriereval, gi eit pluss på CV-en samt utvikle samarbeidsevner og sjølvstendig problemløysing.

- Sjølv om praksisen er kort, er den verdifull fordi mange arbeidsgjevarar etterspør erfaring. Studentane vi sender ut har konkurrert seg til praksisplass gjennom søknad og intervju. Vi er difor glade for å kunne tilby denne moglegheita, og håpar fleire verksemder vil ta imot nysgjerrige og arbeidsvillige praksisstudentar, seier Ola Krekvik Mowinckel, høgskolelektor og ansvarleg for utplasseringa.

Av Sara Bjølverud
Publisert 22. jan. 2026 14:01 - Sist endret 22. jan. 2026 14:01