Prisdryss under opningsseremonien

Under den offisielle opninga av studieåret 2026-2027 ved Høgskolen i Molde, tysdag 11. august, vart det delt ut heile fire ulike prisar for høvesvis, studiemiljø, pedagogisk innsats, forsking og formidling.  Felles for alle prisane er at vinnarane mottek eit diplom og ein gåvesjekk på 15 000 kroner.

Bilete av Bodil Lerøy som mottek Studiemiljøprisen 2026.

Bodil Lerøy er vinnar av Studiemiljøprisen 2026. Foto HiMolde, Jens Petter Straumsheim

Studiemiljøprisen

Først ut av prisane var Studiemiljøprisen, der dei nominerte var Oscar Jødal Skallerud, Bodil Lerøy og studentforeininga Kapital. Prisen i år gjekk til Bodil Lerøy med følgjande grunngjeving:

"Bodil Lerøy er ein eineståande pådrivar for studiemiljøet i Molde, kjent for sitt sterke engasjement, store arbeidskapasitet og genuine ynskje om å skape eit inkluderande og levande studentfellesskap. Gjennom ei rekkje sentrale verv, særleg som leiar i iStudent, har ho vore ein nøkkelperson i å byggje opp og vidareutvikle eit rikt studentliv, blant anna gjennom etableringa av nye studentforeiningar og auka aktivitet blant studentane.

Ho tek initiativ, inkluderer andre og skapar engasjement rundt seg, samstundes som ho er varm og støttande overfor for medstudentar. Bodil bidreg med alt frå gjennomføring av fadderveker til synleggjering av studiestaden, og legg igjen eit varig fundament som vil kome framtidige studentar til gode."

I tillegg til diplomet som direktør i SiMolde, Bente Aure Myrstad overrekte, mottok Bodil ein gåvesjekk på 15 000 kroner frå Sparebanken Møre, representert ved banksjef Andreas Ugelvik Kanestrøm.

Pedagogisk pris

Dei nominerte til Pedagogisk pris i år var Anne Jorunn Vatne, Bjarte Bye Løfaldli, Georg Inge Panzer og Susanne Skei Fostvedt. Prisen gjekk til Georg Inge Panzer, med følgjande grunngjeving:

"Georg Inge er ein engasjert og fagleg sterk undervisar som utmerkjer seg ved si evne til å gjere komplekse juridiske tema både forståeleg og relevante. Gjennom bruk av konkrete, dagsaktuelle døme og tydeleg formidling skapar han undervisning som engasjerer, motiverer og gir djupare innsikt.

Han forklarar vanskelege samanhengar på ulike måtar, slik at alle studentar får utbytte av undervisninga. Samstundes fremjar han aktiv deltaking og kritisk tenking i klasserommet og byggjer eit inkluderande og trygt læringsmiljø.

Georg strekkjer seg langt for studentane, med ekstra rettleiing, tilgjengelegheit utover oppsett tid og tiltak som krasjkurs. Hans genuine engasjement for studentane si læring og trivsel gjer han til ein inspirerande undervisar og ein verdig mottakar av den pedagogiske prisen."

Thea Beate Brevik og Ole Erik Stavrum på scena.
Viserektor for utdanning, Thea Beate Brevik, leia utdelinga av Pedagogisk pris.  Bak står banksjef Ole Erik Stavrum frå DNB og på lerretet lengst bak ser vi dei nominerte.

I tillegg til diplomet som visrektor for utdanning Thea Beate Brevik overrekte, mottok Georg Inge ein gåvesjekk på 15000 kroner frå DNB, representert ved banksjef Ole Erik Stavrum. Prisvinnaren var ikkje sjølv til stades under prisoverrekkinga, men framførte ein takketalen sin på eit videoopptak.

Forskingsprisen

Årets nominerte til Forskingsprisen var Marko Begović, Lisa Hansson og Joao Carlos Ferreira.  Prisen gjekk til João Carlos Ferreira, med følgjande grunngjeving (på engelsk):

Bilde av Joao Carlos Ferreira
Vinner av Forskingsprisen 2026, João Carlos Ferreira.

"The winner demonstrated a strong and well-rounded record of research achievement during the evaluation period. Their publication record in high-impact international peer-reviewed journals was complemented by success in securing external research funding and sustained engagement in activities that support the broader research community.

The winner has contributed through service on editorial boards, invited scholarly presentations, participation in the review of research proposals and academic activities for external organizations, and leadership roles within research centres and consortia.

While the other nominees demonstrated particular strengths in specific areas, the winner's profile reflected consistently strong contributions across all dimensions of the evaluation."

I tillegg til diplomet, som prorektor Svein Bråthen overrekte, mottok prisvinnaren ein gåvesjekk på 15 000 kroner frå Høgskolen i Molde.

Heller ikkje Ferreira kunne vere til stades under seremonien, men hadde spelt inn ein takketale på video.

Formidlingsprisen

I år var det kun ein nominasjon til Formidlingsprisen, nemleg Jussbluss. Jussbluss er ein bloggserie der rettsvitskapsmiljøet ved Høgskolen i Molde ser nærare på ulike juridiske tema. Bak Jussbluss står dei tilsette ved rettsvitskap ved Høgskolen i Molde. Dei som har bidratt er blant annet Odd Anders Bøyum Folkeseth, Linda Bøyum Folkeseth, Susanne Skei Fostvedt, Kari Grethe Koppang Welle, Kari Larna Hegdal, Marianne Glærum.

Odd Anders Bøyum Folkeseth takkar for Formidlingsprisen på vegne av Jussbluss
Odd Anders Bøyum Folkeseth takkar for Formidlingsprisen på vegne av Jussbluss.

Grunngjevinga for tildelinga av Formidlingsprisen er denne: 

"Jussbluss er ein bloggserie der rettsvitskapsmiljøet ved HiMolde ser nærare på ulike juridiske tema. Sidan oktober 2025 har tilsette gjennom månadlege publiseringar i Panorama formidla fagkunnskap av interesse og aktualitet langt utover det aktuelle fagmiljøet. Den kollektive formidlingsinnsatsen frå det rettsvitskaplege fagmiljøet er ein særlig god innsats som fortener å bli løfta fram i form av tildeling av formidlingsprisen.»

 

Av Jens Petter Straumsheim
Publisert 13. aug. 2026 08:10 - Sist endret 2. sep. 2026 13:59