Videoane er først og fremst laga for sjukepleiar- og vernepleiarstudentar, slik at dei får innblikk i korleis sjukepleie- eller vernepleiefaglege kunnskapen deiras kan brukast i demensomsorga. Dette kan bidra til at dei blir tryggare i møte med personar med demens og dei pårørande, og at dei får større fagleg utbyte av praksisen. Videoane er også nyttige for alle som jobbar i helse- og omsorgssektoren, for pårørande og for dei som ønskjer å lære meir om demens.
– Vi ønskte å gi studentane eit tryggare utgangspunkt før dei møter personar med demens. Med auka kunnskap og konkrete perspektiv kan dei lettare forstå behova til kvar enkelt, både pasienten og dei pårørande. Samstundes håpar vi at videoane kan vere nyttige for alle som ønskjer å bidra til god demensomsorg, fortel Torunn Edøy, høgskulelektor ved Høgskolen i Molde.
Videoane gir ei innføring i kva demens er, korleis ein kan arbeide personsentrert med personar med demens, korleis vernepleiefagleg kompetanse kan bidra i demensomsorga, og korleis sjukepleiaren kan bidra til å ta vare på helsa, tryggleiken og verdigheita til personar med demens. Prosjektet er eit samarbeid mellom Høgskolen i Molde, Råkhaugen omsorgssenter og TIBE.
Dei fire introduksjonsvideoane hadde premierevising ved Høgskolen i Molde, med NRK Møre og Romsdal til stades. Du kan sjå innslaget på NRK Møre og Romsdal Distriktsnyheter (ca 03.40 minutt ut i sendinga), og lese saka «Ferske vikarar syntest det var krevjande å hjelpe demenssjuke – då tok kommunen grep» på nrk.no/mr.