Det blir pizzasteiking, fiske frå land, mulegheit til litt båtliv, og meir! Frivillige er med rundt omkring og hjelper til med arrangementet.
Arrangementet er gratis, og det trengst ingen påmelding.
Parkering: På parkeringsplassen ved innkøyringa, eller på grusplassen utanfor Friluftsbryggja. Kle dykk etter vêret og årstida.
Ved eventuelle spørsmål, ta kontakt med Ragnor på e-post: ragnor.alme@dnt.no
Om DNT Tilrettelagt
DNT Romsdal arrangerer DNT Tilrettelagt kvar månad. Frivillige hjelper til med gjennomføringa, og av og til saman med studentar frå vernepleieutdanninga ved Høgskulen i Molde.
Målet er at vi gjennom felles aktivitetar tilrettelagde for ulike funksjonsnivå skapar ein inkluderande og god arena for å møtast og ha det kjekt saman. Her er det plass til alle med ulike behov for tilrettelegging, og deira familie, vener og støtteapparat. Tilbodet vert gjennomført i alle årstidene.