Søk opptak som emnestudent

Du kan ta enkeltemne ved Høgskolen i Molde utan å følge eit heilt studieprogram.  

Slik føregår opptak til enkeltemne 

Du søker om opptak i Søknadsweb. 

Det er to opptak, eitt om hausten og eitt om våren. 

Viss du får opptak i haustsemesteret får du studierett i to semester. Hvis du får opptak om våren, må du søke på nytt dersom du ønsker å studere meir til hausten.   

Søknadsfristar: 

  • 1. august for haustsemesteret
  • 1. desember for vårsemesteret 

Fristen for å laste opp dokumentasjon til søknaden er same dato som søknadsfristen. 

Kva emne kan du ta som emnestudent? 

Dei fleste av våre emne er opne for emnestudentar. Me gjer likevel oppmerksam på at dersom eit emne fyller seg opp, så vil studentar som er tatt opp på ordinære studiar ha fyrsterett.

Sjå alle emne

Emne på bachelornivå 

Opptakskravet er generell studiekompetanse. Alle emne på bachelornivå ved høgskolen er ope for emnestudentar, men unntak av emne frå bachelorstudiet i vernepleie og sjukepleie eller rettsvitskap. Det er ikkje mogleg å skriva bacheloroppgåve som emnestudent.

Du treng ikkje skrive kva emne du vil ta i søknaden. Du som får opptak kan sjølv melde seg opp til dei emna dei vil følje, og du vil få meir informasjon om oppmelding etter at du har fått studieplass. Oppmeldingsfristen er 1. september for hausten og 1. februar for våren. 

Enkeltemne frå bachelor i sykepleie 

Har du studert sjukepleie tidlegare, så kan du søke om emnestudierett for å forbedre karakter. Opptakskrav er bachelor i sjukepleie frå Høgskolen i Molde.  

Emne som tilbys til emnestudentar er: 

  • SNH150 Anatomi, fysiologi, biokjemi og mikrobiologi (15 studiepoeng)
  • SYH150 Grunnleggende sykepleie (15 studiepoeng) 

Enkeltemne på masternivå 

Opptakskrav er fullført relevant bachelorgrad, for emna du søker på, med snittkarakter C eller betre. 

Alle emne på masternivå er ope for emnestudentar, med unntak av seminarrekka på masterstudia i logistikk og masteroppgåva.  

I SøknadsWeb skriv du opp emnekode og navn på emna i merknadsfeltet. Får du søknaden innvilga, vil Studiekontoret melde deg opp til undervisning og eksamen i Studentweb. 

Gå til SøknadsWeb

Dine rettar og plikter som emnestudent 

Som emnestudent tar du dei same emne som heiltidsstudentar. Du har dei same rettane og pliktane. Du kan følgje all undervisninga i emne og må delta i eventuelle obligatoriske aktivitetar. Emnestudentar tek same eksamen som studentar som studerar på heiltid. 

Kan eg bruke emna i ein grad? 

Dersom du har teke alle emna som krevst kan du få ein samansett bachelorgrad.

Eller du kan søkje om å få emna godkjent som ein del av eit av dei ordinære studieprogramma våre.  

 

 

Publisert 29. aug. 2018 10:53 - Sist endret 13. mai 2026 13:21