Reglar om målbruk ved Høgskole i Molde

HiMolde skal følgje mållova. Det vil seie at minimum 25 prosent av tekstane på nett og i trykksaker skal vere på nynorsk, og at alle som skriv til HiMolde, skal få svar tilbake i same målform. 

Brev og e-post

§ 6. Statsorgan skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet.

Studentar og andre som tek skrifteleg kontakt med oss skal alltid få svar i same målform som den dei nyttar sjølv.

Nettsider, redaksjonelt innhald og sosiale medium

Nettsidene og dei sosiale media skal ha minimum 25 prosent nynorsk. Språkrådet har brukt verktøyet Målfrid til å analysere alt vi har av tekstar på våre nettsider. Dei sosiale media er vi sjølve pålagt å rapportere inn nynorskandelen på.

Unntak:

  • Forskingsrapportar og informasjon til tilsette.
  • Lesarinnlegg og signerte artiklar som ikkje er skrivne av redaksjonen eller tilsette i staten.

Trykte tekstar og dokument

§ 8.  Statsorgan som har heile landet som tenestekrins, skal syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. som organet lagar, vekslar mellom målformene slik at det blir ei rimeleg kvantitativ fordeling mellom dei.

Minimum 25 prosent nynorsk av den samla mengda brosjyrar, annonsar, studieinformasjonsmateriell og andre trykte tekstar gjennom eit år.

Unntak:

  • Forskingsrapportar og interne dokument.

Skjema og faste formular

§ 8. Skjema skal liggje føre og vere tilgjengelege i begge målformer.

Alle skjema for studentar og andre brukargrupper skal vere tilgjengelege både på bokmål og nynorsk. Studentar som ynskjer det, skal få karakterutskrifter og vitnemål på nynorsk.

Unntak:

  • Skjema for tilsette.

Eksamensoppgåver

Eksamensoppgåver som blir gitt på norsk, skal føreligge på bokmål eller nynorsk i samsvar med den målforma eksamenskandidaten har vald ved oppmelding til eksamen. Informasjon til studentane om at dei kan be om eksamensoppgåver på sitt målføre og skjema for dette ligg alt føre på våre nettsider.

Administrasjon og informasjon

Tilsette i administrasjonen bør ha tilstrekkeleg språkkompetanse til å kunne betene tilsette, studentar og besøkjande på ein tilfredsstillande måte.  

Rapport til Språkrådet

HiMolde rapporterer om bruk av bokmål og nynorsk innan utgangen av januar kvart år. Høgskuledirektørens stab samlar inn statistikk frå einingane og sendar dette til Språkrådet.

Kvar enkelt organisatorisk eining ved HiMolde har ansvar for å oppfylle mållova. Einingane må i tillegg registrere brosjyrer, pressemeldingar, annonsar, periodiske publikasjonar, skjema (nett/papir) og opplæringstiltak.

Alle tekstar og skjema som fell inn under reglane i mållova skal registrerast.

Kjelder:

Publisert 28. feb. 2025 08:48 - Sist endret 18. mai 2026 19:42