75 millionar til forsking på KI i transport – HiMolde med som partnar

Høgskolen i Molde er med som partnar i eit nytt NTNU-leda forskingssenter: TA-I (Norwegian Centre for Artificial Intelligence in Transport). Senteret har fått 75 millionar kroner over fire år, og skal blant anna legge til rette for betre planlegging og drift av person- og godstransport.

Illustrasjon av KI

Illustrasjon. Kilde: Colourbox.com 

Målet er at KI skal bidra til å utvikle eit trygt, berekraftig og effektivt transportsystem og gi betre transportløysingar for pengane, skriv Norges Forskningsråd. 

Det nye senteret, TA-I (Norwegian Centre for Artificial Intelligence in Transport), har fått 75 millionar kroner over fire år, og skal blant anna legge til rette for betre planlegging og drift av person- og godstransport. Det kan bli aktuelt å bruke informasjon om trafikkstraumar, tilstanden på veg og køyretøy og sensordata som grunnlag.

Høgskolen i Molde er med som ein av fem kunnskapsinstitusjonar. I tillegg er fleire offentlege brukar- og samarbeidspartnarar, private aktørar og interesse,- medlems- og nettverksorganisasjoner med. Frå HiMolde deltek Mohamed Ben Ahmed, førsteamanuensis i kvantitativ logistikk og Swati Aggarwal, professor i kunstig intelligens.

- For Høgskolen i Molde betyr dette at vi kan kople kompetansen vår innan logistikk og transport endå tettare med utviklinga av kunstig intelligens. Det gir oss nye moglegheiter for forsking, og samtidig kan kunnskapen frå senteret komme inn i utdanningane våre og være relevant for studentane våre. Vi håper òg at dette kan bidra til å styrke kompetansen på kunstig intelligens og transport i Møre og Romsdal, seier Mohamed Ben Ahmed.

Emneord: forsking, kunstig intelligens Av Sara Bjølverud
Publisert 2. okt. 2026 08:47 - Sist endret 5. okt. 2026 15:45