HiMolde hardt ramma av budsjettkutt. - Har ein jobb å gjere framover

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2026 å redusere ramma til Høgskolen i Molde med 16,4 millionar kroner, frå 363,4 millionar i 2025 til 347 millionar i 2026.

– Dette er eit dramatisk kutt for oss, og det kan få konsekvensar for planlagt drift, seier rektor Elin Mordal. Kunnskapsdepartementet skriv at noko av grunnen er studieplassar som ikkje er fylt.

- Vi har jobba aktivt med rekruttering det siste året, og vi ser at søkjartala no faktisk er på veg opp. Vi tek no opp så mange som vi har kapasitet til, dette gir håp om at noko av kutta kan bli reversert i framtidige budsjett.

Bakgrunnen for kuttet

Kunnskapsdepartementet forklarer budsjettkuttet med at nokre institusjonar ikkje har hatt søkargrunnlag for utvidinga av sjukepleiarutdanninga som har kome dei seinare åra. For å utnytte midlane betre foreslår departementet derfor å redusere løyvinga til institusjonar som har mange plassar som ikkje er fylte.

Departementet understrekar at ambisjonane for sjukepleiarutdanningane skal halde fram som før, og at midlane kan bli tilbakeførte dersom opptaka framover viser at plassane blir fylte.

- Vi har hatt to svake år med søkertal. Dette er ein trend som er snudd for oss no i år, seier Mordal. Dette året har vi maksimert opptaket og det er vi nøgd med.

Rehabilitering av bygg har fått konsekvensar for planlagde investeringar

Høgskolen i Molde har tidlegare fått kritikk for departementet for å ha for mykje pengar på bok.

– Rehabiliteringa av A-bygget har alt ført til at andre planlagde investeringar, som studenthus og aktivitetsbygg, har blitt sett på vent. Dette er også noko vi kjemt til å jobbe meir med.

Vil halde fram rekrutteringsarbeidet

HiMolde har allereie sett i verk fleire tiltak for å auke søkinga til sjukepleiarutdanninga.

– Vi ser ein positiv trend. Søkartala til sjukepleiarutdanninga tok seg kraftig opp igjen i år, og det kan få positiv innverknad på framtidige budsjett.

- Møre og Romsdal treng fleire med høgare utdanning. Vi skal utdanne fleire personar til regionen, og vi skal levere kvalitet, seier Mordal.

Kontaktperson

Rektor Elin Mordal

Publisert 15. okt. 2025 12:21 - Sist endret 15. okt. 2025 12:21