Marko Begovic er førsteamanuensis i Sport Management ved Høgskolen i Molde, og saman med professor Ilias Bantekas ved Hamad bin Khalifa University, har han skrevet boka Professional Tennis and Transnational Law - Contractual and Regulator. Boka kom ut i august i år, og ser på den juridiske reguleringa av profesjonell tennis, og korleis transnasjonale lover påverkar tennis globalt. At sport og politikk ofte har tette band er ikkje noko nytt, men har i dei seinare åra blitt meir tydeleg og synleg.
- Som tidlegare tennisspiller og aktiv i tennisbransjen ønskte eg å informere tennismiljøet og allmennheita om den særskilde karakteren ved profesjonell idrett, og korleis tennis opererer ikkje berre under nasjonal lovgjeving, men óg innanfor eit transnasjonalt og internasjonalt rettsleg rammeverk. Boka blei skrevet for å gjere komplekse juridiske spørsmål tilgjengelege for tennismiljøet, samtidig som den fyller eit gap i juridisk forsking, seier Begovic.
I fjor gav Begovic ut boka Sports Policy and Politics in the Western Balkans, som ser på korleis tidlegare sosialistiske statar i Vest-Balkan har brukt sport som et politisk verkemiddel, og korleis sport i regionen er blitt påverka av historie, kultur og politikk. Relevansen for bøkene kunne knapt vore større med dei siste store hendingane, som utdelinga av FIFAs fredspris til USAs president Donald Trump, og FIS (International Ski and Snowboard Federation) si nylege avgjerd om å la russiske utøvarar få delta i FIS sine arrangement under nøytralt flagg. Det opnar for at russiske utøvarar, som kvalifiserer seg og som oppfyller visumkravet, kan konkurrere i Noreg og andre land som arrangerer idrettsarrangement i regi av FIS.
Historisk og politisk signaleffekt
I tillegg til å være førsteamanuensis ved Høgskolen i Molde, er Begovic óg programdirektør for Sports Diplomacy Program ved Hungarian University og medlem av UNESCO-styret for styring og samfunnsansvar. Tilbake i 2022 var han direktør med ansvar for idretts- og ungdomssaker i Montenegros regjering i 2022. Med sin solide bakgrunn både frå sport og politikk er han ofte intervjuet av media, seinast av den franske TV-kanalen France24. Her kommenterte han Det internasjonale judoforbundet (IJF) si avgjerd om å la russiske utøvarar konkurrere under russisk flagg og nasjonale symbol i judo. Historisk sett har Russland vore den leiande nasjonen i judo, og har ofte brukt sporten som politisk virkemiddel. At landet no kan konkurrere igjen har ei stor betyding sportsleg, men ei enda større betyding politisk og historisk.
- Samspelet mellom politikk og idrett har utvikla seg til ein kompleks geopolitisk dynamikk. Idrett handlar aldri berre om konkurranse; den tener óg som eit verktøy for å projisere makt, eit instrument i utanrikspolitikken og ei mekanisme for nasjonsbygging, seier Begovic.