Førsteamanuensis ved HiMolde med i ekspertgruppe som skal vurdere framtidas doktorgradsutdanning

Regjeringa har oppnemnt ei ekspertgruppe som skal gje konkrete råd om korleis framtidas doktorgradsutdanning i Noreg bør utformast for å koma heile samfunnet til gode.

Talet på doktorgradsstudentar i Noreg er meir enn dobla dei siste 20 åra. Samstundes er det usikkert i kva grad denne veksten svarar på samfunnets og arbeidslivets behov for kompetanse, forsking og verdiskaping. For å sikre at utdanningsløpet held høg kvalitet og er relevant både for akademia, offentleg sektor, helseføretak og næringslivet skal ekspertgruppa gje ei heilskapleg vurdering av doktorgradsutdanninga. Ekspertgruppa blir leia av professor Silje Haus-Reve ved Universitetet i Stavanger, og ho får med seg ni andre og blant dei er Bjarte Bye Løfaldli, førsteamanuensis ved Høgskolen i Molde og forskingsleiar i Kristiansund kommune.

Bye Løfaldli har doktorgrad i nevrovitskap og biologi frå NTNU, og jobbar som leiar for forsking i kommunedirektørens stab i Kristiansund kommune i tillegg til at han underviser i nevrobiologi, fysiologi og sjukdomslære ved Høgskolen i Molde.

- Eg brenn for kunnskap og forsking, og for at forskingsresultat blir tatt i bruk både på kort og lang sikt. Derfor er det meiningsfullt for meg å bidra med innspel til utviklinga av framtidas doktorgradsutdanning, seier Bye Løfaldli.

Skal foreslå tiltak for betre rekruttering til arbeidslivet

Ekspertgruppa skal vurdere dagens rammer for forskarutdanninga og det samla bidraget ho gir til samfunnet. Dei skal foreslå konkrete tiltak som kan retta framtidas forskarutdanning mot samfunnets behov, anten ved å vidareutvikla eksisterande verkemiddel eller ved å innføra nye. Vurderingane skal følgja Utredningsinstruksen, med analyse av alternative løysingar og ei utgreiing av dei økonomiske og samfunnsmessige konsekvensane. Heilt overordna skal kvalitet i forskarutdanninga vere det leiande prinsippet i arbeidet.

Viktig oppgåve for gruppa er òg å sjå på i kva grad norske verksemder utanfor akademia legg til rette for rekruttering av internasjonale arbeidstakarar med doktorgrad, og moglege tiltak for å styrke eventuell svak rekrutteringsevne. I tillegg er det rapportert frå fagorganisasjonar og institusjonar om svak nasjonal rekruttering innanfor enkelte fagområde, og denne utfordringa vil gruppa sjå på og foreslå mogelege tiltak for å auke rekrutteringa. Det skal gjerast separate vurderingar for fagområda helse, samfunnsfag og humaniora, teknologi og naturvitskap.

Representantar frå fleire institusjonar

Medlemmene er oppnemnde i kraft av si personlege faglege kompetanse, og ikkje som representantar for institusjonane, og består av:

  • Silje Haus-Reve (leiar) - professor i innovasjon og regionale studiar, Universitetet i Stavanger; forskar II ved Norce
  • Jonas Stein (nestleiar) - viserektor, Universitetet i Tromsø
  • Jan Magnus Aronsen - førsteamanuensis, Universitetet i Oslo / OUS
  • Asgeir J. Sørensen - professor, NTNU
  • Linn Merete Sandvoll - leiar og nærings-PhD-kandidat, Kongsberg Defence & Aerospace
  • Lise Rye - professor, NTNU
  • Taran Thune - professor, UiO / forskar I, NIFU
  • Bjarte Bye Løfaldli - forskingsleiar, Kristiansund kommune og førsteamanuensis ved Høgskolen i Molde
  • Lene Tanggaard Pedersen - professor, Aalborg Universitet

Rapporten skal leverast til Kunnskapsdepartementet innan 1. mars 2027, og skal innehalde konkrete tilrådingar som kan liggje til grunn for politiske vedtak eller nye tiltak i sektoren.

Meir info om ekspertgruppa og deira oppgåve finn du på regjeringa.no.

Av Sara Bjølverud
Publisert 9. feb. 2026 14:34 - Sist endret 5. mars 2026 09:45

Veldig godt nytt!

Marit Austvik Letnes - 5. mars 2026 09:46

Logg inn for å kommentere