Det er i dag eit stort behov for spesialisert kompetanse innan logistikk og bruk av nye digitale teknologiar i helsevesenet. Teknologiutviklinga opnar for mange moglegheiter, men medfører samstundes utfordringar knytt til implementering i eksisterande strukturar. Utfordringane heng òg saman med at dei som skal bruke teknologien ikkje har tilstrekkeleg kunnskap verken om teknologi, eller om korleis endringar ved innføring av teknologi vil påverke måten ein driv helsevesenet på. Masterstudiet skal gi inngåande forståing av korleis logistikk og teknologi kan brukast for å optimalisere drift, auke effektivitet og betre pasientutfall.
- Studiet svarar på eit konkret behov i helse- og omsorgssektoren: å utdanne fagpersonar som kan kombinere logistikkfagleg innsikt og operasjonell styring med moderne digitale teknologiar for å skape meir effektive, sikre og pasientorienterte helsetenester, fortel Berit Irene Helgheim, førsteamanuensis i logistikk ved Høgskolen i Molde. Saman med studieleiar Birgithe Sandbæk er ho ansvarleg for faget ved høgskulen.
Innføringa av KI og digitale teknologiar i helsesektoren reiser etiske og regulatoriske utfordringar. Studiet skal gi ei grundig forståing av desse problemstillingane og ruste studentane til å handtere dei på ein ansvarleg måte, sikre etterleving og oppretthalde offentleg tillit. Programmet er tilpassa personar som allereie er tilsette i helsesektoren eller som har til hensikt å arbeide innan dette feltet, der læring byggjer på erfaringsbaserte og praksisnære metodar og studentane skal arbeide med case frå helsemiljø.
- Den hybride strukturen med fysisk og digital undervisning, samt at vi skal anvende arbeidsplassnære prosjekt, gjer studiet særleg aktuelt for yrkesaktive som ønskjer å kombinere jobb og vidareutdanning. Vi oppmodar difor både tilsette i helsesektoren og dei som ønskjer å arbeide i sektoren om å søkje, seier Helgheim.
Studiet startar hausten 2026, og det søkjast opptak gjennom lokalt opptak med frist 15. april. Les meir om studiet.