– Dette er som forventa, seier rektor Elin Mordal. Gitt situasjonen vi står i, så er eg forholdsvis nøgd med tildelinga. I kroner og øre er det ein liten oppgang i tildelinga frå i fjor, men om ein tek omsyn til prisveksten er det reelt sett ein liten nedgang.
Vi opplevde eit kraftig kutt i tildelinga for 2026 i fjor og håpte at vi skulle få betre utteljing for 2027. Det opplever vi at vi har fått, med auka tildeling for neste år, seier Mordal.
Auke i resultatbasert utteljing
Som forventa får Høgskolen i Molde ei auke i resultatbasert utteljing på 6 millionar. Den vert berekna ut frå endringane i indikatorane studiepoengeiningar, avlagte doktorgradar og fullføringsgrad.
Forventa nedtrapping
Dei siste åra har høgre utdanning fått reduserte tildelingar som følgje av nedtrapping av studieplassar som kom med Utdanningsløftet. Det låg i korta at nedtrekket ville kome også for 2027, og for Høgskolen i Molde utgjer den ca 5.4 millionar i redusert tildeling.
Om vi skal trekke fram noko som kunne vore betre, så er det at vi ikkje har fått tildelt midlar som det har vore søkt om til strategiske satsingar utanom ramma, seier rektor Elin Mordal.
Dei einaste institusjonane som får tildelt nye studieplassar for 2027 er Høgskulen på Vestlandet, OsloMet, Universitetet i Bergen og Universitetet i Sørøst-Norge.
Ikkje eit endeleg budsjett
Sidan statsbudsjettet vert lagt fram av ei mindretalsregjering, er det venta at det kan bli endringar fram til det endelege vedtaket i Stortinget. – Vi veit enno ikkje kva som blir den endelege tildelinga for vår del, men har god tru på at vi skal få ei god ramme å arbeide etter i året som kjem avsluttar Mordal.
Kontaktperson:
- E-post
- elin.mordal@himolde.no
- Telefon
- +47 71 21 40 25