University of Applied Sciences Würzburg – Schweinfurt - Tyskland

For å summere opp har eg hatt eit knakandes fantastisk semester i Tyskland som eg aldri kjem til å gløyme. Eg har fått herlege venner, lært ein god del eg ikkje kunne ha lært i Norge og ein god dose med erfaringar. Og så må det nemnast at eg fekk oppleve at Tyskland tok VM-gull i fotball, mens eg var i Tyskland. Å sjå tyskarar feire (og sjølv vere med på feiringa), er noko eg seint vil gløyme.

Jaja, da var eit herleg semester i eit anna land over for denne gang. Mykje har skjedd i løpet av dei siste seks månadane. Mange nye minner med mange nye venner som vil alltid vere med meg. Ein blir litt nostalgisk når enden av ein spennande periode i livet går mot slutten. Og for ei oppleving det har vore!

Frå augeblikket eg starta første semesteret av bacheloren i logistikk, og såg at det var mogleg for eit utvekslingssemester, visste eg at det var berre å kaste seg ut i det. Ein har ingenting å tape på det. Tvert i mot, ein har så mangt å vinne. 

Sidan eg har hatt tysk både på ungdomsskulen og vidaregåande, og at Tyskland er eit av dei leiande landa innan logistikk, var valg av studieland enkelt. Og da ein av forelesarane ved høgskulen i Molde, som sjølv hadde vore der som gjesteforelesar, anbefalte University of Applied Sciences Würzburg – Schweinfurt (FHWS) for logistikkstudentar, vart også valg av studiestad riktig så enkelt. Med hjelp av utvekslingskoordinator var det fort gjort å fylle ut søknadsskjema til skulen og gjennomføre søknadsprosessen. 

Stad å bu var heller ikkje store problemet. I eit dokument frå FHWS var det ei oversikt over mulighetene, og det enklaste (og rimelegaste) var studentboligene. I Schweinfurt består desse av to blokker like ved dei to campusa. Eg hadde rom i toppetasjen (åttande), med ei veldig flott utsikt. Rommet mitt bestod av ein liten kjøkkenkrok med to kokeplater og eit kjøleskap, eit veldig fint bad og soverom/opphaldsrom. I bygninga eg budde i, er det fleire fellesrom med blant anna ein takterrasse med mulighet for grilling. Vaskerom/tørkerom er i kjellaren, og med heis var dette null problem.

Utsikt fra rommet mitt. (Foto: Brit Flemmen Berg 2014).
Utsikt fra rommet mitt. (Foto: Brit Flemmen Berg 2014). 

 

Tur til BMW Welt.  (Foto: Brit Flemmen Berg 2014).
Tur til BMW Welt.  (Foto: Brit Flemmen Berg 2014). 

FHWS har eit veldig flott buddy-system, der alle utvekslingsstudentane får tildelt ein tysk student ved FHWS som buddy. Buddyen er der for deg gjennom heile semesteret og hjelper deg så godt han/ho kan med det du måtte lure på. Eg var veldig heldig med min buddy, sidan familien hans ikkje bur så langt frå Schweinfurt og var så snille å lånte meg dyne, pute, sengeklede og diverse kjøkkenutstyr (studentboligene er fullt møblert, men altså ikkje noko kjøkkenutstyr og dyne/pute). Også tilbydde han seg å hente meg på flyplassen i Frankfurt da eg ankom Tyskland, og hadde nøklane til studentboligane. Han var veldig hjelpsom med å fikse tysk telefon nr og internett (internett er ikkje inkludert i studentboligene), opprette bankkonto, og forklare alt eg ikkje forstod (mykje informasjon som var kun på tysk). Buddyane arrangerte og litt forskjellige sammenkomster, som for eksempel ein tur til produksjonsavdelinga til BMW i München.

Byen Schweinfurt har 50 000 innbyggjarar og ligg ved elva Main i den nordlege delen av Bayern, kalt Franconia, og har ikkje lange vegen til Berlin, Praha, Köln eller München for den reiselystne. Her er det mykje vindyrking rundt omkring, og dermed nokre vinfestivalar for dei vinglade, og ein mengde med fantastiske middelalderske festningar og slott. I løpet av dei seks månadane eg var i Schweinfurt, var det fleire festivalar, for eksempel fastelaven som blir feira med karnevalparade gjennom byen (det er faktisk rekna som rauddagar). Ikkje lange togturen unna, ligg blant anna Nürnberg med festivalen Rock im Park i juni. Årets store artistar var blant anna Metallica og Linkin Park. Om ikkje utelivet tilfredsstiller i Schweinfurt, så er det lett å ta eit tog til for eksempel nabobyen Würzburg (eller Nürnberg for den saks skyld), for dei større nattklubbane og deretter ta første toget tilbake på morgonkvisten. 

Sjølve universitet består av to campus i Schweinfurt (er og nokre campus i Würzburg, men dei var ikkje relevant for meg), som ligg ca 10 minutt gange frå kvarandre. Campus 1 er det største, med biblioteket og kantina (Mensa). Campus 2 består av ei bygning, og er hovudkvarteret for logistikk. Her har dei fleste forelesarane innan logistikk kontor, og dei fleste logistikkfaga foregår her. Studentbeviset er eit multikort, som ikkje berre fungerer som legitimasjon, men og som eit betalingskort. Du kan fylle på pengar ved hjelp av ei maskin på campus 1, og dette kortet brukar du da til å kjøpe mat i kantina (billigare å betale med studentbeviset), i automatar rundt omkring på skulen, utskrift og vasking av klede ved studentboligene.

Kinesisk hotpot. (Foto: Brit Flemmen Berg 2014).
Kinesisk hotpot. (Foto: Brit Flemmen Berg 2014). 

 

Prosjektgruppa. (Foto: Brit Flemmen Berg 2014).
Prosjektgruppa (Foto: Brit Flemmen Berg 2014). 

FHWS har eit veldig godt tilbod av fag undervist på engelsk for logistikkstudentar, og så og sei alle faga har 5 ECTS (tilsvarar 5 studiepoeng). Derfor vart det seks fag på meg i løpet av semesteret. Eg vil anbefale på det sterkaste å ta faget PROA (prosjekt), der ein er inndelt i grupper på omtrent ti studentar som er hyra av forskjellige bedrifter  for å løyse ulike logistikk problem. Ei gruppe hjelpte eine sjukehuset i byen med blant anna sterilisasjonsrutinar av operasjonsutstyr. Andre fag eg kan anbefale er tysk språkfag, technical applications in logistics (TAPL) og såkalla blocked course (er alltid dei mest interessante faga, som går over to veker pga gjesteforelesar). Fire av faga var innlevering og presentasjonar og eg var derfor ferdig i slutten av juni med desse. Dei to siste faga hadde eg eksamen i, som var to-timars-eksamenar. Eksamensperioden er frå 15. juli til 31. juli, og sidan min siste eksamen var 22. juli, gav det meg ein månad med ferie som blei brukt til reising rundt i Tyskland.

Universitetet har fleire avtalar med skular/organisasjonar rundt om i verda, som gjer at så og sei kvart semester er det ein gjeng frå Brasil og ein frå Taiwan/Kina i Schweinfurt. I tillegg er det kvart sommersemester ei stor gruppe med indere frå Bangalore (i år var dei ca 45 stk). Du lærar dermed ganske raskt ein god del om ikkje berre den tyske kulturen og språket, men og ein god del om andre kulturar/språk. Blant anna lærte eg barbeque i brazilian style, samt kinesisk kokekunst. Sidan dei andre studentane kom langvegs frå, ville dei ikkje berre oppleve heile Tyskland, men og heile Europa i løpet av opphaldet. Dermed slengte eg meg med på eit par turar til andre land, men mitt hovedfokus var å sjå og oppleva Tyskland. Dermed vart det ein god del reising heilt aleine og, noko eg var først ein smule ukomfortabel med, men som viste seg å ikkje vere noko problem i det heile tatt. På kvart nytt hostel vart eg raskt kjend med nye personar frå andre land, som Canada, Australia, Nederland og Hong Kong, for å nemne nokre.

VM i fotball, Brasil mot Tyskland. (Foto: Brit Flemmen Berg 2014).
VM i fotball, Brasil mot Tyskland. (Foto: Brit Flemmen Berg 2014).
Bursdagsfeiring med grilling og kake. (Foto: Brit Flemmen Berg 2014).
Bursdagsfeiring med grilling og kake. (Foto: Brit Flemmen Berg 2014). 

For å summere opp har eg hatt eit knakandes fantastisk semester i Tyskland som eg aldri kjem til å gløyme. Eg har fått herlege venner, lært ein god del eg ikkje kunne ha lært i Norge og ein god dose med erfaringar. Og så må det nemnast at eg fekk oppleve at Tyskland tok VM-gull i fotball, mens eg var i Tyskland. Å sjå tyskarar feire (og sjølv vere med på feiringa), er noko eg seint vil gløyme.

Eg har kun ein ting å seie til dei som tenkjer på eit semester i utlandet: Har du mulighet til det, så GJER DET!

Nokre få tips:
- Om du har tenkt å reise ein god del rundt i Tyskland, kan det vere lurt å skaffe seg Deutschland Pass. Med dette kan du reise så mykje du vil med alle typar tog rundt i Tyskland i løpet av ein månad for berre 259€. (Kun sommarmånadane)
- Også finns det BahnCard for fire månadar som gir deg 25% rabatt på togreiser i Tyskland, men husk å avbestille 6 veker før det går ut, da det automatisk fornyes for eit heilt år.
- O2 var det einaste internettselskapet som tilbydde månadsavtale for internett. Dei andre tilbyr 1-2 års kontrakt. (Internett er ikkje inkludert ved studentboligene.)
- Ikkje utsett all reisinga til etter eksamenane, men reis litt under semesteret og. Ikkje ver redd/bekymra for å reise aleine, du kan fortsatt ha det kjekt. Samtidig møter du mange flotte menneske rundt omkring på hostella.
- Utnytt tida godt, for den flyg forbi!

Om du lurar på noko, er det berre å spørre?

Brit Flemmen Berg

Publisert 21. juni 2018 09:35 - Sist endret 14. feb. 2020 06:27