Studentar konstruerar problem i ei virtuell verd

IT-studentane fra kurset i Extended reality viser fram sine prosjekt frå VR-design og programmering. Her lærer dei korleis de kan forma sine egne utvida verkeligheiter. 

Halvvegs gjennom semesteret har IT-studentane hatt eit prosjekt kor dei skal utvikle unike VR-program. 

Oppgåva?

Design ein plattform, og skap eit problem som brukaren skal løyse for å komme seg vidare bort frå plattforma.

Frå gulerothenting til ferd ut i verdsrommet

Studentane viste fram ein stor variasjon av VR-spel.

Her kunne du navigere gjennom labyrintar, eller klatre på toppen av ei fjellhylle for å hente gulrøter til kaninane dine. Andre skapte eit hotellrom med ein skjult nøkkel, nokon tok turen ut i universet!

Kursleiar er førsteamanuensis James Wen, og han er imponert over måten studentane har løyst oppgåvene. Han meinar slike ferdigheiter vil bli meir og meir etterspurt i jobbmarknaden i framtida.

Kurset IBE320 Extended Reality kombinerer teori og praksis, og gir studentane ei grunnleggjande forståing av teknologien som ligg bak slik plattformprogrammering.

Emneord: VR, virtual reality, utvidet virkelighet, IT, Studie, Ibe320
Publisert 30. apr. 2024 15:04 - Sist endret 30. apr. 2024 16:00