Anne Jorunn Vatne
Anne Jorunn Vatne er ein framragande undervisar som kombinerer høg fagleg kompetanse med ei unik evne til å gjere komplekst stoff forståeleg og tilgjengeleg. Med tydeleg formidling, godt strukturert undervisning og eit smittande engasjement skapar ho eit trygt og inspirerande læringsmiljø der studentane både meistrar faget og trivst.
Ho gir alltid det vesle ekstra, er tilgjengeleg for spørsmål, gir grundige svar og følgjer studentane tett gjennom heile semesteret. Med godt humør, ærlege og oppriktige måte å være på, og ekte omsorg for studentane si utvikling bidreg ho til fagleg meistring og eit inkluderande studiemiljø.
Anne Jorunn er ein lærar som verkeleg gjer ein forskjell, og vil vere ein særs fortent prisvinnar.
Bjarte Bye Løfaldli
Bjarte Bye Løfaldli er ein framragande formidlar som evnar å gjere krevjande nevrobiologiske tema forståeleg, relevante og engasjerande. Med ei tydeleg, strukturert undervisningsstil gjer han kompliserte samanhengar innan anatomi, fysiologi og sjukdomslære tilgjengelege for studentane og bidreg til djupare fagleg innsikt.
Han skapar eit positivt og trygt læringsmiljø prega av godt humør, entusiasme og formidlingsglede. Gjennom undervisninga vekkjer han nysgjerrigheit, oppmuntrar til refleksjon og motiverer studentane til å utforske faget i djupna.
Bjarte er ein undervisar som både inspirerer og løftar studentane, og vil vere ein svært verdig mottakar av den pedagogiske prisen.
Georg Inge Panzer
Georg Inge Iversen Panzer er ein engasjert og fagleg sterk undervisar som utmerkjer seg ved si evne til å gjere komplekse juridiske tema både forståeleg og relevante. Gjennom bruk av konkrete, dagsaktuelle døme og tydeleg formidling skapar han undervisning som engasjerer, motiverer og gir djupare innsikt.
Han forklarar vanskelege samanhengar på ulike måtar, slik at alle studentar får utbytte av undervisninga. Samstundes fremjar han aktiv deltaking og kritisk tenking i klasserommet og byggjer eit inkluderande og trygt læringsmiljø.
Georg strekkjer seg langt for studentane, med ekstra rettleiing, tilgjengelegheit utover oppsett tid og tiltak som krasjkurs. Hans genuine engasjement for studentane si læring og trivsel gjer han til ein inspirerande undervisar og ein verdig mottakar av den pedagogiske prisen.
Susanne Skei Fostvedt
Susanne er ein engasjert og dedikert lærar som utmerker seg med ei grundig og pedagogisk formidling. Ho svarar alltid utfyllande, tek seg tid til å følgje opp studentane sine spørsmål, både i og utanfor forelesingar, og viser ei ekte interesse for at alle skal forstå fagstoffet.
Ho skapar eit trygt og inkluderande læringsmiljø der studentane opplever støtte, motivasjon og fagleg utvikling. Med sitt sterke engasjement for både faget og studiemiljøet, og si evne til å gjere undervisinga relevant og tilgjengeleg, framstår ho som ein forelesar studentane har stor tillit til.
Susanne er ei inspirerande støttespelar som verkeleg står på studentane si side, og vil vere ein verdig mottakar av pedagogisk pris.
Prisen blir delt ut ved den årlege opninga av studieåret. Viserektor for forsking overrekkjer prisen saman med ein sponsor frå næringslivet.
Sjå tidlegare vinnarar og utval av prisar for tilsette ved Høgskolen i Molde