Elisabeth Busengdal (35) er stipendiat ved Avdeling for samfunnsfag og historie på Høgskulen i Volda (HVO). Fredag 24. november held ho prøveforelesing og forsvarer avhandlinga si for doktorgraden i helse- og sosialfag: Profesjonsutøving – vilkår og utvikling. Ph.d.-studiet blir gitt av Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde i fellesskap. Disputasen er avsluttande del av doktorgradsstudiet.
Om avhandlinga
Busengdal si avhandling har tittelen Relasjonsbygging i kommunalt integreringsarbeid. Ein studie av implementering av integreringspolitikk og samarbeid på tvers av sektorar og styringsnivå. Avhandlinga er ein kvalitativ kasusstudie av to norske kommunar med formål å studere samarbeid i implementering av politikk i det kommunale integreringsarbeidet. Avhandlinga undersøker ulike samarbeidsprosessar der kommunar set i verk integreringstiltak. Studien tolkar korleis dei arbeidde, kva som fremmar eller hemmar samarbeid, og kva som kjenneteiknar samarbeidsprosessane.
Funna i avhandlinga viser at det som kjenneteiknar samarbeidsprosessane, er at dei har hatt ei lik problemforståing i arbeidet med å finne løysingar. Det har ført til betre forankring for integreringsfeltet i leiing, politikk og administrasjon. Dette har gitt integreringsfeltet større handlingskapasitet i kommuneorganisasjonen fordi fleire aktørar er involvert. Dei har nytta kommunen sitt plan- og styringssystem til å samle relevante aktørar, sette ein felles agenda og skape tilslutning for arbeidet med flyktningintegrering i kommunen. I tillegg indikerer funna at eldsjeler eller leiarar som har stort engasjement for fagfeltet, kan framstå som viktige for å sette ein felles agenda, opne dører og oppretthalde engasjementet for integreringsfeltet i kommuneorganisasjonen.
Program
- kl. 10.15: prøveforelesing (tema kjem seinare)
- kl. 11.00: pause
- kl. 12:15: disputas
Prøveforelesinga og disputasen går føre seg i Store auditorium i Berte Kanutte-huset (BK161).
Påmelding innan 10. november kl. 12.00 via denne lenkja.
Om du ikkje har moglegheit til å delta fysisk, kan du strøyme arrangementet her (direktesending).
Fullstendig program for disputasen kjem seinare.