Om doktoranden
Dag Erik Wold (53) har sidan 2007 arbeidd som høgskulelektor i friluftslivsfag ved Høgskulen i Volda. Han har tidlegare arbeidd som folkehøgskulelærar, og han har òg brei praksis med friluftslivsrettleiing for barn og unge, frivillige organisasjonar og redningsarbeid.
Wold har graden cand.scient. (2002) og hovudfag i idrett frå Noregs idrettshøgskole (2001) med oppgåva «Ved indianernes leirbål og i offiserenes rekker – en analyse av friluftslivet i norsk speiderbevegelse». Han har også toårig utdanning i friluftslivsfag, kultur- og naturrettleiing frå Høgskolen i Telemark, mellomfag i historie frå Universitetet i Oslo og PPU frå Høgskolen i Hedmark.
Fredag 13. november 2026 held han prøveforelesing og forsvarer avhandlinga si for doktorgraden i helse- og sosialfag: Profesjonsutøving – vilkår og utvikling. Ph.d.-studiet blir gitt av Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde i fellesskap. Disputasen er avsluttande del av doktorgradsstudiet.
Avhandlinga har tittelen Barske vekttall. Hvilke forståelser lå til grunn for utviklingen av friluftsliv i høyere utdanning? Disputasen blir halden på norsk.
Om avhandlinga
Avhandlinga gir eit historisk innblikk i korleis friluftsliv har blitt eit eige fag i høgare utdanning, i spenninga mellom teknisk ferdigheitstrening og breiare danningsmål.
Ved å granske historiske dokument og intervjue nøkkelpersonar viser Wold korleis faget har forma seg i spenningar mellom urbane overskotsverdiar og økologisk medvit. Avhandlinga peikar på dilemma som har vore der sidan friluftsliv vart etablert innanfor høgare utdanning. Tidlege pedagogiske idear, slik som langferda sine krav om varigheit og ikkje-konvensjonelle mål, blir drøfta i lys av nyare transformativ læring.
Wold argumenterer for at dagens friluftslivsutdanning bør gi ny kraft til desse økofilosofiske røtene for å hjelpe studentane til å ta eit større økologisk ansvar i samfunnet.
Program
- 10.15: Prøveforelesing. Temaet for prøveforelesinga kjem seinare.
- 11.00: Pause.
- 12.15: Disputas.
Prøveforelesinga og disputasen går føre seg i Store auditorium (BK 161) i Berte Kanutte-huset.
Heile programmet for disputasen blir gjort tilgjengeleg digitalt på https://www.hivolda.no/disputas/disputas-dag-erik-wold
Om du ikkje har moglegheit til å delta fysisk, kan du strøyme arrangementet på YouTube (direktesending).