Disputas: Olivia Sissil Sunde

Olivia Sissil Sunde vil torsdag 12. mars 2026 forsvare doktorgradsavhandlinga "Familieomsorg og omsorg for familien. Familieomsorgsgivarar og profesjonelle sine erfaringar med samarbeid om omsorga til heimebuande eldre med psykiske lidingar" ved Høgskolen i Molde.

Bilete av Olivia Sissil Sunde

Olivia Sissil Sunde forsvarar doktorgradsavhandlinga si den 12. mars ved Høgskolen i Molde. Foto: HVL/ David Zadig.

Tid og sted for prøveforelesing

Torsdag 12. mars, kl. 10.15 på rom B-137

Tittel på prøveforelesing:

"Omsorg, makt og profesjonalitet: Klassiske og moderne teorier om relasjonen mellom familieomsorg og offentlige tjenester."

Lenke til prøveforelsning (10:15-11:05):
https://himolde.cloud.panopto.eu/Panopto/Pages/Viewer.aspx?id=52269961-600e-4872-8b50-b40100b23e3f 

Lenke til disputas: (12:15 - 15:30):
https://himolde.cloud.panopto.eu/Panopto/Pages/Viewer.aspx?id=0f8e7595-0f9d-4c09-b950-b40100b3629c 

Bedømmingskomité

Rettleiarar

Kva var bakgrunnen for doktorgradsarbeidet?

Familien spelar ei betydeleg rolle i den uformelle omsorga for eldre personar. Eit godt samarbeid mellom familieomsorgsgivarar og profesjonelle vil derfor vere viktig for å ivareta heimebuande eldre, samt forhindre at omsorgsrolla medfører negative konsekvensar for familien. Kunnskap om familieomsorga og samarbeidet med profesjonelle er særs aktuell no i ei tid der fleire eldre skal få behandling og omsorg i heimen, samtidig som det er mangel på helsepersonell.

Om avhandlinga

Å gje omsorg til eldre familiemedlemmar er ei viktig og vanskeleg oppgåve. Dei fleste av oss vil oppleve å ta på seg eit slikt ansvar i løpet av livet. Men korleis artar det seg når den eldre personen har ei psykisk liding? Og korleis fungerer samarbeidet mellom omsorgsgivarar i familien og profesjonelle hjelparar i desse tilfella? Dette er spørsmåla som eg ser på i mitt forskingsprosjekt. Doktorgradsarbeidet baserer seg på intervju med 18 profesjonelle (tilsette i heimesjukepleia og psykisk helseteneste), samt djupneintervju med 10 familieomsorgsgivarar. Funna viser at familien opplever omsorgsrolla som meiningsfull, men også krevjande. Spesielt krevjande er det i langvarige omsorgsforløp, prega av vekslande symptom knytt til den psykiske lidinga. Funna viser at kunnskapsdeling er ein nøkkelfaktor for eit godt samarbeid. Men det ligg ei utfordring her: Vi manglar klare retningslinjer for korleis profesjonelle og familiemedlemmar skal samarbeide og dele på informasjon om den eldre. Ansvaret for korleis det skal skje er uklart, og det same gjeld spørsmålet om kor mykje informasjon som faktisk kan delast. Når går det ut over den eldre personen sin rett til sjølvbestemming og tillitsforholdet?

Avhandlinga gir verdifull innsikt i korleis samarbeidet mellom familie og profesjonelle kan vere avgjerande for å kunne yte tilpassa hjelp. Dette er veldig tydeleg i situasjonen til eldre med psykiske utfordringar, som er i ein spesielt sårbar situasjon. Når helsetenestene lykkast med å definere ansvar og rutinar kring samarbeid med familien, og gir rom for at dei profesjonelle kan styrkje sin kompetansen, veks sjansane for å kunne yte god omsorg både til den eldre og familien.

Olivia Sissil Sunde (44) kjem frå Førde i Vestland fylke og er tilsett som høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet, Avdeling Førde. Ho er utdanna sjukepleiar og har ein Master i samhandling innan helse- og sosialtenester frå Høgskulen på Vestlandet, i 2015. Under doktorgradsutdanninga har ho vore stipendiat finansiert av Høgskulen på Vestlandet.

Publisert 19. feb. 2026 12:55 - Sist endret 11. mars 2026 12:15