Språkpolitiske retningsliner

Språkpolitikken er eit viktig element i det kulturpolitiske ansvaret til Høgskolen i Molde. Norsk er hovudspråk ved Høgskolen i Molde. Som statleg utdannings- og forskingsinstitusjon skal høgskulen fremje og utvikle bruk av norsk språk og norsk fagterminologi både i undervising og forsking.

Med «norsk» meiner ein i desse retningslinene begge målformer. Retningslinene for bruk av bokmål og nynorsk er heimla og underlagt Lov om målbruk i offentleg teneste [1]  med forskrift [2].

Høgskulen skal vidare praktisere bruken av parallelle språk og målformer der dette er formålstenlig. Dette betyr at norsk vert ivaretatt som hovudspråk samtidig som det leggast til rette for eit større språklig mangfald, der engelsk er det primære framandspråket.

Utdanning

Norsk er hovudspråk i undervisninga ved Høgskolen i Molde. Svensk og dansk er likeverdige med norsk som undervisningsspråk. Undervisningsspråk skal oppgjevast  som obligatorisk informasjon i alle emne-  og studieplanar. Studentar på alle nivå forventas å kunne ta i bruk faglitteratur både på norsk og engelsk. Kravet til norsk gjeld ikkje framandspråklege studentar på internasjonale studieprogram.  

Avdelingane bør tilby studentane kurs i akademisk skriving der siktemålet er å utvikle språk-, tekst- og sjangerkompetanse. 

Utanlandske studentar bør få tilbod om kurs i norsk språk, kultur og samfunn.

Forsking

Vitskapleg publisering skal skje på det språket som er mest relevant og naturlig for den enkelte tilsette.

Alle doktorgradsavhandlingar skal ha eit samandrag på engelsk og ei populærvitskapleg oppsummering på norsk. 

Høgskolen i Molde stiller seg støttande til tilsette som vil heve sin engelskkompetanse. Vidare vil høgskolen søke å legge til rette for språkhjelp til tilsette med behov for språkvask og oversetting.

Formidling og samfunnskontakt

Formidling til publikum bør skje på det språket som er mest formålstenlig for det publikum formidlinga er retta mot.

Administrasjon og informasjon

Norsk er administrasjonsspråk ved Høgskolen i Molde.  Samstundes bør all vesentleg informasjon ved høgskulen, uavhengig av medium, retta mot potensielle og noverande studentar, samt tilsette, ligge føre på norsk og engelsk. 

Dokumenteigar skal  vurdere om dokumenter skal omsettast til engelsk.

Tilsette i administrasjonen bør ha tilstrekkeleg språkkompetanse til å kunne betene tilsette, studentar og besøkjande på ein tilfredsstillande måte. 

[1]  http://lovdata.no/dokument/NL/lov/1980-04-11-5

[2]  http://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/1980-12-05-4938

Publisert 23. okt. 2020 10:11 - Sist endret 23. okt. 2020 10:11