Bacheloroppgåve i sjukepleie blei fagartikkel

Sjukepleiarstudent Torjus Furnes opplevd pandemien på nært hald under jobben sin på Haraldsplass diakonale sjukehus. Det førte til både bacheloroppgåve og fagartikkel.

Illustrasjonsbilde av sliten sykepleier

Egne erfaringar samt bilete frå Italia gjorde sterkt inntrykk på studenten. Bacheloroppgåva hans var så god at rettleiar Trude Fløystad Eines jobba saman med han på den, og fekk den publisert i fagtidsskriftet Sykepleien den 23. september i år.

Saman med rettleiar Trude Fløystad Eines tok Furnes for seg 10 ulike internasjonale studiar om sjukepleiarane si erfaring frå pandemien.

Frykta å smitte andre

Eit trekk gjekk igjen, nemleg frykta for å smitte andre.
Smittefrykta førte til at ein isolerte seg frå familie og vener. Andre ting som gjekk igjen var depresjon, angst, søvnproblem samt motvilje mot å gå på jobb og symptom på utbrentheit.
Små tiltak ga stor effekt.

Til sykepleien.no seier Torjus Furnes at han blei spesielt overraska over at mindre tiltak kunne gjere kvardagen mykje betre for sjukepleierane i ein krevjande situasjon.

Samtalar med kollegaer, familie og vener blir trekt fram som eit middel for å redusere angst og stressnivå.

Planlegging er alfa og omega

Og for å stå best rusta til neste gong det kjem ein pandemi?

"Planlegging, Det er viktig med beredskapsplanar mellom anna for tilgang på smittevernutstyr", seier Furnes til sykepleien.no

 

Publisert 14. okt. 2021 09:19 - Sist endret 14. okt. 2021 10:06