Ny langtidsavtale med Statsbygg signert

Høgskolen i Molde har vore leigetakar hjå Statsbygg sidan 1. august 1994.  Tysdag 17. august var det klart for signering av ein ny leigeavtale for dei komande 30 åra på Molde Campus - til ein lågare pris!

Bilete av Kjetil Lehn og Øyvind Sørensen.

Statsbygg og Høgskolen i Molde er blitt enige om ny langtidskontrakt.. Alle foto HiMolde.

Meir differensiert husleige

Statsbygg er ein betydeleg eigedomsforvaltar innan høgre utdanning i Noreg og eig til dømes høgskulens bygningar i Molde. Husleiga vert dekt inn gjennom dei løyvingane som kvar institusjon får over statsbudsjettet.  Etter ei ny takstvurdering av eigedomane i Molde  er det blitt forhandla fram ein ny leigeavtale med Høgskolen i Molde. Denne vart signert av partane tysdag i førre veke på Molde campus.

F.v. konstituert høgskuledirektør Øyvind Sørensen og eigedomssjef i Stasbygg, Joar Melting signerer på leigekontrakt for dei neste 30 åra.
F.v. konstituert høgskuledirektør Øyvind Sørensen og Kjetil Lehn, sektordirektør, Avdeling for eigedomsutvikling og forvaltning i Statsbygg, signerer leigekontrakt for dei neste 30 åra.

Særs godt nøgd

- Vi er særs godt nøgd med å vere leigetakar hjå Statsbygg, seier konstituert høgskuledirektør Øyvind Sørensen. Saman med sektordirektør, Avdeling for eigedomsutvikling og forvaltning i Statsbygg, Kjetil Lehn,  og  eigedomssjef Avdeling for eigedomsutvikling og forvaltning i Statsbygg, Joar Melting, signerte han under på ei ny langtids husleigekontrakt med Statsbygg for dei neste 30 åra.  Avtalen gjer at høgskulen no vil få eit handlingsrom til å utvikle campus vidare i åra som kjem, og nokre prosjekt er det allereie avsett midler til seier Sørensen. 

Bilete av representantar frå Statsbygg og Høgskolen i Molde
Mange nøgde til stades under signeringa av ny leigekontrakt mellom Statsbygg og Høgskolen i Molde.  F.v. driftsleiar Geir Gaupseth, Statsbygg, eigedomssjef, Avdeling for eigedomsutvikling og forvaltning, Joar Melting, Statsbygg, underdirektør Drift og vedlikehold Ola Vegard Sæter, Statsbygg , sektordirektør Avdeling for eigedomsutvikling og forvaltning, Kjetil Lehn, Statsbygg og konstituert høgskoledirektør Øyvind Sørensen, Høgskolen i Molde.

 

Av Jens Petter Straumsheim
Publisert 31. aug. 2021 14:40 - Sist endret 31. aug. 2021 14:40