Tilbod om Covid 19-vaksine for tilreisande studentar - Stengt for påmelding!

Tilbudet er no stengt i Molde og Kristiansund.  Fristen for å melde seg på gikk ut 5.9.21.  Har du behov for vaksine, ta kontakt med koronatelefonen i den aktuelle kommunen.

Mange av våre studentar i Molde og Kristiansund har allereie fått første vaksinedose i si heimkommune før studiestart.  No ventar mange på andre dose.  Den kan dei ta anten i Molde eller Kristiansund.  Nedanfor gir vi deg oppskrifta på korleis du går fram.

Illustrasjonsbilde (Colourbox.com)

Tilreisande studentar kan ta vaksinedose 2 i Molde eller Kristiansund.

Foto: Colourbox.com

Studentar som kjem utanfor Møre og Romsdal eller har lang reiseveg til heimkommunen kan no få Covid19-vaksinen i Molde eller i Kristiansund.  Det er bestilt inn ekstra vaksiner i dei to byane som skal dekkje behovet for studentane våre.

I bestillingsskjemaet må du leggje inn personopplysningar om deg.  Dette treng kommunane for å tilby time til vaksinering.

Når time er bestilt og tildelt vil kvar student få melding om vaksinetidspunkt og -stad gjennom Helse-Noreg.

Studenter som er folkeregistrert i Molde kommune eller Kristiansund kommune skal ikke svare på skjemaet, da de får innkalling til vaksinering fra kommunen.

Av Jens Petter Straumsheim
Publisert 31. aug. 2021 14:55 - Sist endret 6. sep. 2021 16:05